69°18′20.761″N 18°36′56.945″E / 69.30576694°N 18.61581806°E / 69.30576694; 18.61581806 Aursfjorden er ein fjordarm av Nordfjorden langs kommunegrensa mellom Balsfjord og Målselv i Troms. Fjorden strekkjer seg 9,5 km søraustover til Aursfjordbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Storvikneset i nordvest og Ausnes i søraust. Eit godt stykke inn i fjorden ligg grenda Keianes på vestsida, medan grenda Aursfjord ligg tvers over fjorden på andre sida.

Fv184 går langs austsida av fjorden.