Aurskog Idrettslag
(Omdirigert frå Aurskog IL)
Aurskog Idrettslag var eit idrettslag heimehøyrande i Aurskog i Akershus fylke. Laget vart stifta som Urskau Idrætsforening 29. november 1903. I 1937 bytta laget til Aurskog Idrettslag.
Aurskog IL var særleg aktivt med i ski og fotball. Fotballaget deltok åra 1965 til 1971 i 2. divisjon i seriesystemet. 1966-sesongen leia Aurskog A-avdelinga før siste serieomgang. Siste kampen enda med tap borte for Sandefjord BK, dermed vart det Strømsgodset IF som sikra seg opprykk til 1. divisjon for aller fyrste gong. Elles stod skøyter og symjing på lagsprogrammet til Aurskog IL.
Asbjørn Fossen vann bronsemdedaljen i høgdehopp under NM i friidrett 1952.
I 1987 slo Aurskog IL seg saman med Finstadbru IF og skipa den nye Aurskog-Finstadbru Sportsklubb.