Auruncifjella (italiensk Monti Aurunci) er ei fjellkjede sør i Lazio, sentralt i Italia. Dei er ein del av Antiappenninane, ei gruppe som strekkjer seg frå Appenninane til Tyrrenhavet. Dei grensar i nord til Ausonifjella og området Pico og Campodimele, austover til Ausentedalen og i sør til elva Garigliano.

Auruncifjella
fjellkjede
Land  Italia
Kart
Auruncifjella
41°19′20″N 13°39′55″E / 41.322222222222°N 13.665277777778°E / 41.322222222222; 13.665277777778
Wikimedia Commons: Monti Aurunci

Namnet kjem frå den gamle stamma Aurunci. Fjella består av ein regionspark, Parco Naturale dei Monti Aurunci, oppretta i 1997.

Monti Aurunci består hovudsakleg av sprø kalkstein, som vert meir fast mot kysten av Gaeta. Høgda varierer frå åsar til Monte Petrella på 1 533 meter over havet. Andre høge toppar er Redentore (1 252 m) og Monte Sant'Angelo (1 402 m).

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre

41°21′15″N 13°39′18″E / 41.35417°N 13.65500°E / 41.35417; 13.65500