For fotballklubben, sjå SS Lazio.

Lazio (latinsk Latium) er ein av tjue regionar i Italia. Han ligg sentralt i landet og grensar til Toscana, Umbria, Abruzzi, Marche, Molise, Campania og Tyrrenhavet. Lazio er kjend for historia, kunsten, arkitekturen, arkeologien, religionen og kulturen sin. Regionshovudstad er Roma.

Lazio
region
Land  Italia
Provins 5
Kommune 378
Del av Central Italy
Hovudstad Roma
Areal 17 208 km²
Folketal 5 304 778
Kart
Lazio
41°54′0″ N 12°43′0″ E
Wikimedia Commons: Lazio

Koordinatar: 41°58′41″N 12°45′24″E

Geografi endre

Elva Tiber er den største elva i regionen og renn mellom anna gjennom Roma. Av sideelvar til Tiber i regionen finn ein mellom anna Aniene, Cremera og Nera. Ei anna stor elv i regionen er Garigliano, som oppstår der Liri og Gari (eller Rapido) renn i saman. Dei to største innsjøane på Den italienske halvøya ligg i Lazio, Bolsenasjøen og Braccianosjøen, som begge ligg nord i regionen. Sør i regionen ligg Albanarfjella.

 

Lazio er delt inn i fem provinsar:

Historie endre

Namnet på regionen kjem frå ei gamal stamme i området som heitte latinarar og som romarane avstammar frå. I følgje romersk mytologi var det kongen Latinus som gav namn til regionen. Latium, som regionen vart kalla i romartida, strekte seg til områda til sannitarane, marsarane og Campania, etter at romarane hadde erobra landområda til hernikarane, equarane, aurunkarane og volskarane. Området vart kalla Latium Novi for å skilje det frå Latium veteres, som var dei opphavlege grensene.

 
Landskap i Lazio: Del av Tivoli, nær Roma, sett frå dei øvre terrassane i Villa d'Este.

Under keisar Augustus sitt administrative system vart Latium, i lag med den noverandre regionen Campania, den første regionen i Italia.

Etter den gotiske krigen (535-553) og austromarane si erobring, fekk regionen tilbake sjølvstende sitt sidan «Det romerske hertugdømet» kom under den austromerske keisaren. Dei lange krigane mot langobardarane sleit hardt på regionen som vart tatt av den romerske biskopen, som alt hadde fleire eigedomar i området.

Styrkinga av det religiøse og kyrkjelege aristokratiet førte til stadige maktkampar mellom adelsherrar og den romerske biskopen fram til midten av 1500-talet. Innocens III prøvde å styrke makta si i området med å hevde seg over provinsstyra i Tuscia, Campagna og Marittima gjennom Kyrkja sine representantar, for slik å rive ned makta til Colonna. Andre pavar prøvde å gjere det same.

Under Avignon-perioden auka makta til lensherrane sidan paven ikkje lenger var i Roma. Små kommunar, og ikkje minst Roma, kjempa mot maktauken til herrane og med Cola di Rienzo prøvde dei å stå imot motstandarane av kyrkjemakta. Mellom 1353 og 1367 kom paven tilbake til Roma og tok tilbake makta i Latium.

Etter den kortvarige romerske republikken vart regionen ein del av Frankrike under Napoleon I, og så igjen ein del av Kyrkjestaten. I 1870 då dei franske troppane forlet Roma gjekk general Cardona inn på Kyrkja sitt område, okkuperte Roma og 20. september vart Latium ein del av Kongedømet Italia.

Folkesetnad endre

55 % av innbyggjarane i regionen bur i Roma, og hovudstaden gjer Lazio til den fjerde tettast folkesette regionen i landet.

Dei største byane til Lazio er (2006 estimat):

Rangering Kommune Provins Innbyggjarar
1 Roma RM 2 698 872
2 Latina LT 113 998
3 Guidonia Montecelio RM 76 911
4 Aprilia LT 64 648
5 Fiumicino RM 61 019
6 Viterbo VT 60 516
7 Pomezia RM 52 465
8 Tivoli RM 51 857
9 Civitavecchia RM 51 388
10 Velletri RM 51 042
11 Anzio RM 48 437
12 Frosinone FR 48 197
13 Rieti RI 47 165
14 Terracina LT 42 875
15 Nettuno RM 42 361

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre


 
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto