Austra
Austra er ei fjellrik øy på grensa mellom Trøndelag og Nordland. Ho er delt mellom kommunene Bindal, Leka og Nærøysund. Arealet er 88 km². Det høgaste punktet på øya er Romsskåla, 588 moh.
Austra | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Norskehavet |
Koordinatar | 65°5′48″N 11°53′21″E / 65.09667°N 11.88917°E
|
Areal | 88 km²
|
Høgaste punkt | Romsskåla (588 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylker | Nordland og Trøndelag
|
Av busetjingar på øya finn ein Sør-Gutvika, der det går ferje over til Leka som ligg lenger vest, Sørhorsfjord og Nordhorsfjord. På austsida går det bru over til fastlandet.