Opna hovudmenyen

Leka kommune

kommune i Nord-Trøndelag
(Omdirigert frå Leka)

Leka er ein kommune i Trøndelag fylke og den nordlegaste i både fylket og Namdalen. Han består av øya Leka og Madsøya, i tillegg til Gutvik på fastlandet. Fiskeværa Sklinna og Horta er òg ein del av Leka.

Leka kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Leka
Areal 109 km²
 - land 108 km²
 - vatn km²
Folketal 582 (1. januar 2018)
Folketettleik 5 / km²
Målform nøytral
Ordførar Per Helge Johansen (Sp)
Kommunenr. 5052
NO 5052 Leka.svg
Wikimedia Commons: Leka
Nettstad: www.leka.kommune.no

Geografi og geologiEndra

Øya Leka har ei brei strandflate og elles berglendt landskap. Det høgaste punktet er Vattinden (418 moh). Lekamyra ligg sør på øya. Berggrunnen består av serpentinitt og gabbro som tilhøyrer Leka ofiolittkompleks. På vestsida er det gul og rustraud serpentinitt og på sør- og austsida gabbro. Øya er kåra til det geologiske nasjonalmonumentet i Noreg av nettstaden ut.no.

Øya Austra er berglendt og består av gneis. Strandflata er her smal. Det høgaste fjellet er Romsskåla (588 moh).

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra