Australasia er regionen som femnar om Australia, New Zealand, Ny-Guinea og dei mange mindre øyane i Stillehavet som ligg nær.

Australasia

Charles de Brosses var den som fann opp omgrepet i Histoire des navigations aux terres australes (1756). Termen er ikkje nøyaktig definert, eit føremål med omgrepet er å tale om den delen av Oseania som ligg lengst mot vest, det vil seie Oseania utan å ta med austlege Polynesia og utan å ta med øyane i søraustlege Stillehavet og Mikronesia.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.