Mikronesia
- Denne artikkelen handlar om øygruppa Mikronesia. For landet som oftast vert kalla Mikronesia, sjå Mikronesiaføderasjonen.
Mikronesia er ein region i Stillehavet. Filippinane ligg i vest, Indonesia i sørvest, Papua Ny-Guinea og Melanesia i sør og Polynesia i søraust og aust.
Regionen består av hundrevis av små øyer spreidd over eit stort område i det vestre Stillehavet. Politisk er den inndelt i sju territorium: Mikronesiaføderasjonen, Marshalløyane, Palau, Nord-Marianane, Nauru, Kiribati og Guam.