Australian Antarctic Names and Medals Committee
Australian Antarctic Names and Medals Committee, forkorta AANMC, vart oppretta som eit rådgjevande organ for australske styresmakter for namn i Australsk Antarktis og det subantarktiske området i Heard Island og McDonald Islands. Komiteen nominerer òg personar til Australian Antarctic Medal.
Medlemmane i komiteen vert utpeikte av ministeren eller parlamentssekretæren som er ansvarleg for saker i Antarktis. Komiteen vart opphavleg skipa i 1952 som Antarctic Names Committee of Australia og endra namn til det noverande i 1982.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Australian Antarctic Names and Medals Committee» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2012.