Australsk Antarktis

Australsk Antarktis (AAT; Australian Antarctic Territory) er ein del av Antarktis. Storbritannia gjorde krav på området og sette det under styret til Australia i 1933. Det er det største kravområdet. Etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961, seier paragraf 4 at «Denne avtalen anerkjenner, motstrider eller oppretter ikkje territoriale krav. Det skal heller ikkje fremjast nye krav medan avtalen er i kraft» og dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent kravområda i Antarktis.[1]

Australsk Antarktis
territorium
Flagg
Symbol
Land  Australia
Hovudstad Mirnyj
Kart
Australsk Antarktis
75°00′S 102°30′E / 75°S 102.5°E / -75; 102.5
Wikimedia Commons: Australian Antarctic Territory

Området

endre

Australsk Antarktis består av alle øyane og landområda sør for 60°S og mellom 45°E og 160°E, utanom Adélie Land (136°E til 142°E), som deler området inn i Vestleg Australsk Antarktis (den største delen) og Austleg Australsk Antarktis. Det grensar til Dronning Maud Land i vest og til Ross Dependency i aust. Arealet er estimert til 5 896 500 km².[2]

Området er busett av besetninga på forskingsstasjonane. Australian Antarctic Division administrerer området hovudsakleg ved å halde tre stasjonar (Mawson, Davis og Casey) opne året rundt for forskjellige forskingsprosjekt.

Inndeling

endre

Territoriet er delt inn i ni distrikt, som frå vest til aust er:

Nr. Distrikt Areal (km²) Vestleg grense Austleg grense
1 Enderby Land 045° E 056°25' E
2 Kemp Land 056°25' E 059°34' E
3 Mac. Robertson Land 059°34' E 072°35' E
4 Princess Elizabeth Land 072°35' E 087°43' E
5 Kaiser Wilhelm II Land 087°43' E 091°54' E
6 Queen Mary Land 091°54' E 100°30' E
7 Wilkes Land 2 600 000 100°30' E 136°11' E
8 George V Land 142°02' E 153°45' E
9 Oates Land 153°45' E 160°00' E

Territoriale farvatn

endre

Dei territoriale farvatna i Australsk Antarktis er internasjonalt farvatn og strekkjer seg 200 nautiske mil ut frå kysten av Antarktis.

Stasjonar

endre
 
Davis Station

Aktive og nedlagde stasjonar i territoriet, frå vest til aust:

Stasjon Koordinater Område
Molodjozjnaja (Russland) (stengt) 67°40′S 45°51′E / 67.667°S 45.850°E / -67.667; 45.850 Enderby Land
Mawson (Australia) 67°36′09.7″S 62°52′25.7″E / 67.602694°S 62.873806°E / -67.602694; 62.873806 Mac. Robertson Land
Sojuz (Russland) (stengt) 70°35′S 68°47′E / 70.583°S 68.783°E / -70.583; 68.783 Mac. Robertson Land
Druzjnaja (Russland) (stengt) 69°44′S 72°42′E / 69.733°S 72.700°E / -69.733; 72.700 Princess Elizabeth Land (Ingrid Christensen Land)
Zhongshan (Kina) 69°22′S 76°22′E / 69.367°S 76.367°E / -69.367; 76.367 Princess Elizabeth Land
Law-Racoviţă (Romania) 69°23′18.6″S 76°22′46.2″E / 69.388500°S 76.379500°E / -69.388500; 76.379500 Princess Elizabeth Land
Progress II (Russland) 69°23′S 76°23′E / 69.383°S 76.383°E / -69.383; 76.383 Princess Elizabeth Land
Davis (Australia) 68°34′35.8″S 77°58′02.6″E / 68.576611°S 77.967389°E / -68.576611; 77.967389 Princess Elizabeth Land
Sovetskaja (Russland) (stengt) 77°58′S 89°16′E / 77.967°S 89.267°E / -77.967; 89.267 Wilhelm II Land
Mirnyj (Russland) 66°33′S 93°01′E / 66.550°S 93.017°E / -66.550; 93.017 Queen Mary Land
Komsomolskaja (Russland) (stengt) 74°05′S 97°29′E / 74.083°S 97.483°E / -74.083; 97.483 Queen Mary Land
Vostok (Russland) 78°28′S 106°48′E / 78.467°S 106.800°E / -78.467; 106.800 Wilkes Land
Wilkes (stengt) 66°15′25.6″S 110°31′32.2″E / 66.257111°S 110.525611°E / -66.257111; 110.525611 Wilkes Land
Casey (Australia) 66°16′54.5″S 110°31′39.4″E / 66.281806°S 110.527611°E / -66.281806; 110.527611 Wilkes Land
Concordia (Dome C) (Frankrike/Italia) 75°06′S 123°23′E / 75.100°S 123.383°E / -75.100; 123.383 Wilkes Land
Leningradskaja (Russland) (stengt) 69°30′S 159°23′E / 69.500°S 159.383°E / -69.500; 159.383 Oates Land

Historie

endre

Storbritannia gjorde først krav på Victoria Land den 9. januar 1841 og så på Enderby Land i 1930. I 1933 gjorde ein kongeleg resolusjon at området sør for 60° S og mellom lengdegradane 160° E og 45° E vart overført til Australia.[3]

Grensene til Adélie Land vart fastsett i 1938. I 1947 overførte Storbritannia Heard- og McDonaldøyane til territoriet. Den 13. februar 1954,[4] vart Mawson Station oppretta som den første australske stasjonen på kontinentet.

Anerkjenning av australsk statsvelde

endre

Australia sitt krav om statsvelde over Australsk Antarktis er anerkjent av Storbritannia, New Zealand, Frankrike og Noreg.[5] Japan anerkjenner ikkje dette kravet,[6] og heller ikkje det australske kravet om territorialfarvatna der japanske skip driv kvalfangst.[7]

Gruvedrift i Antarktis

endre

Dei siste 20 åra har Australia vore i ein debatt om ein skal tillate gruvedriftdet mineralrike kontinentet.[8] Fleire forslag har vorte lagt fram, men alle har vorte avslått.[9]

Kjelder

endre
  1. «US National Science Foundation - Office of Polar Programs - The Antarctic Treaty». Henta 13. oktober 2012. 
  2. «National recovery plan for Albatrosses and Giant-petrels: Section 4.1.6 Australian Antarctic Territory, Geography». Australian Government, Department of the Environment, Water, Heritage and the Arts. Arkivert frå originalen den 17. august 2008. Henta 13. oktober 2012. 
  3. Antarctic and international law: a collection of inter-state and national documents, Volume 2. s. 143. Author: W. M. Bush. Editor: Oceana Publications, 1982. ISBN 0-379-20321-9, ISBN 978-0-379-20321-9
  4. «A Brief History of Mawson». Australian Government - Australian Arctic Division. Arkivert frå originalen 27. juli 2008. Henta 13. oktober 2012. 
  5. «Chapter 6: Antarctic Territories» (PDF). Parliament of Australia. Arkivert frå originalen (PDF) 26. juni 2008. Henta 13. oktober 2012. 
  6. Steve Irwin Update from Antarktis Arkivert 2010-01-14 ved Wayback Machine. Sea Shepherd website. Henta 13. oktober 2012
  7. Austili.edu.au
  8. http://www.Antarktis.gov.au/about-Antarktis/fact-files/geologi/mining[daud lenkje]
  9. http://www.iol.co.za/scitech/science/environment/no-mining-in-Antarktis-say-aussies-1.1066056?ot=inmsa.ArticlePrintPageLayout.ot

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Australsk Antarktis