Autokollimasjon
Autokollimasjon er eit prinsipp ved optiske apparat, der lys etter å ha gått gjennom det optiske systemet vert reflektert og følgjer same veg attende. Autokollimasjon vert mellom anna nytta til måling av brytingsforhold for faste lekamar, i prismespektrografar og ved optiske gitter. Prinsippet inneberer stor innsparing fordi prisme og objektiv vert utnytta to gonger.
Kjelder
endre- autokollimasjon. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/autokollimasjon