Refleksjon
Ordet refleksjon kjem frå latin, og tyder direkte omsett 'tilbakekasting'. Refleksjon i fysikken handlar om at ein bølgefront i grenseflata mellom to ulike medium endrar retning på ein slik måte at han vert kasta tilbake til mediet han kom frå.