Autoritetsdata blir brukt innan Bibliotek- og informasjonsvitenskap for å organisera bibliotekskatalogar og bibliografiar på ein konsekvent måte. Kvart subjekt (som ein forfatter, ei bok eller ein organisasjon) blir tilordna ein unik identifikator, og denne blir deretter nytta for å skildra alle referansane til det same subjektet (sjølv om det finst variasjonar i stavemåte og liknande). Ved hjelp av identifikatoren kan brukarar finna all relevant (og relatert) informasjon om subjektet. Dersom det blir implementert som ein semantisk web, til dømes ved hjelp av RDF, kan informasjonen tolkast maskinelt.

Fleire land har nasjonale register for autoritetsdata for å samordna dei, gjerne som ei del av oppgåva til nasjonalbiblioteka.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Fragmentering eller fellesløsning?. ABM-utvikling. 2009. s. 52-53. ISBN 9788281050785.