Avesnes-sur-Helpe
Avesnes-sur-Helpe er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (administrasjonssenter) i departementet Nord i regionen Hauts-de-France, og har om lag 5 000 innbyggjarar.
Avesnes-sur-Helpe | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Hauts-de-France Nord | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 2,31 km² | ||
Flatevidd - By |
2,24 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
5 003 2 233/km² | ||
Koordinatar | 50°07′N 03°56′E / 50.117°N 3.933°E | ||
Høgd over havet | 170 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 59440 | ||
Heimeside: www.avesnes-sur-helpe.com |
Historie
endreByen vart grunnlagd på 1000-talet av Wédric Le Barbu og son hans Thierry. I 1477 vart staden lagt i grus av kong Ludvig XI. I 1566 kom byen inn under spansk styre, men kom tilbake til Frankrike i 1659. Vauban bygde på denne tida fleire festningsverk i byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «27. mai 2007» frå Wikipedia på engelsk, og «Avesnes-sur-Helpe» frå Wikipedia på tysk den 2. januar 2024.