avisa Sunnhordland

avis

Sunnhordland er ei avis som kjem ut fem dagar i veka på LeirvikStord. Avisa vert gjeven ut av Bladet Sunnhordland A/S. Sunnhordland tek mål av seg å dekkja kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Kommunane ligg i regionen Sunnhordland, sør i Vestland fylke. På folkemunne kallast avisa Vikalappen, etter Vikjo (Leirvik).

Avisa hadde i 2009 27.000 lesarar per utgåve, viser tal frå Forbruker & Media.

Jens Hystad d.e. starta avisa i 1902. Fram til 1973 var Sunnhordland nærast einerådande i regionen. Avisa har seinare vorte familieaksjeselskap og vert i dag driven av tredje generasjon med Jens Hystad (1946– ) som dagleg leiar og Håvard Hystad som ansvarleg redaktør. Redaksjonen tel 12 medarbeidarar, som utgjer 10 årsverk. Totalt er det 35 tilsette i verksemda. Avisa har eige lokalkontor på Fitjar.

Avisa lanserte si eiga nettutgåve 29. april 2006, som den nest siste dagsavisa i Noreg. Nettsida hadde i 2009 over 16.000 unike brukarar i veka. Samstundes lanserte dei ei pdf-løysing, der ein kan abonnera på nedlasting av avisa i staden for å få henne på papir.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 8 506
2001 8 400
2002 8 242
2003 8 179
2004 8 183
2005 8 185
2006 7 985
2007 7 832
2008 7 832
2009 7 498
2010 7 137
2014 6 571

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.