For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Stord kommune.

Stord er ei øy i Vestland, om lag midtvegs mellom Bergen og Haugesund. Øya har ei flatevidd på 241 km² og er delt mellom kommunane Fitjar i nord og Stord i sør. Øya ligg nord for Bømlafjorden og er den nest største øya i Hordaland. Stord kommune utgjer 127 km² av øya, medan Fitjar kommune utgjer 117 km².

Stord
Fitjarøyane med øya Stord i bakgrunnen. Sett frå vest.
Fitjarøyane med øya Stord i bakgrunnen. Sett frå vest.
Geografi
Stad Sunnhordland
Koordinatar 59°51′N 5°26′EKoordinatar: 59°51′N 5°26′E

Areal 241 km²
Lengd 27 km
Breidd 13 km

Høgaste punkt Mehammarsåto (749 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Vestland
Største busetnad Leirvik (14 374 innb.)

Demografi
Folketal ca. 22 170 (2023)
Folketettleik 92 /km²

Det høgaste punktet på øya er Mehammarsåto på 749 meter over havet. Eit meir kjend fjell er kanskje Kattnakken på 734 meter over havet som har eit tårn med TV-sendar.

Topografisk kart over Stord

Stord Lufthamn Sørstokken er ein kortbaneflyplass som ligg på vestsida av øya og vert brukt av heile Sunnhordland. Sidan 2000 har Stord hatt vegsamband med fastlandet gjennom Trekantsambandet. På nordsida av øya går det ferjesamband frå Sandvikvåg til Halhjem i Os og på austsida frå Jektevik til Tysnes.

Tilsaman er det rett over 22 000 innbyggjarar på øya, rundt 19 000 av dei i Stord kommune og resten i Fitjar kommune.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
1606 3311 18 937a 22 177a

a Med Føyno

Kjelder endre

  1. Folketeljing 1801, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning og endringer, etter region, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre