Avløypet
holme i Fitjar kommune i Fitjarøyane
Avløypet er ein holme i Fitjar kommune i Fitjarøyane, like vest for Ivarsøyo. Holmen er like under ein kilometer lang og kring 350 meter på det breiaste. Sundet mellom Avløypet og Ivarsøyo er berre kring 20 meter på det smalaste.
Avløypet | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Fitjar | ||
Postnummer | 5419 FITJAR | ||
Gardnummer | 18 | ||
Øya vart nytta som beite for gardsbrukarane på Ivarsøyo, men i 1845 vart delar av holmen bygsla bort, og det har sidan det vore to bruk på øya. Ved folketeljinga i 1900 budde det 7 personar her.[1]
Øya har eit areal på 26 hektar. Ho er kring 1,1 km lang frå sør til nord, men denne linja kryssar Raunespollen på sørsida av øya. På det breiaste er øya kring 400 meter. Det høgaste punktet på øya er 50 meter over havet.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet
- Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.