Avro Lancaster
Avro 683 «Lancaster» var eit britisk firemotors bombefly under andre verdskrigen. Flyet var det mest kjende bombeflyet til Royal Air Force, og vart teke i bruk i mars 1942.
«Lancaster»-flyet vart utvikla og bygd på flyfabrikken A.V. Roe and Company (AVRO) ved Manchester i tida 1941-46. I alt vart det bygd 7 377 flymaskinar i ulike variantar. Dermed vart Avro Lancaster det firemotors bombeflyet som det vart laga flest av i Storbritannia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Avro Lancaster» frå Wikipedia på tysk, den 18. juli 2014.