Royal Air Force (det kongelege britiske luftforsvaret, RAF) er flyvåpenet til Storbritannia. RAF er det eldste sjølvstendige flyvåpenet i verda, det vart skipa 1. april 1918 ved at Royal Flying Corps og Royal Naval Air Service vart slegne saman.

Royal Air Force


Skipa1. april 1918
LandStorbritannia
TenesterDe Havilland DH 114 Heron
Nettstadhttps://www.raf.mod.uk/ (britisk-engelsk)

Etter verdskrigen vart RAF mykje redusert i storleik, men bygd opp att og fornya i åra før andre verdskrigen. Her spela RAF ein viktig rolle, ikkje minst i slaget om Storbrittania.

Gjennom den kalde krigen tok RAF del i forsvaret av Europa mot ein invasjon frå Sovjetunionen. I denne tida hadde RAF kapasitet til å bruke atomvåpen.

I dei siste åra har RAF delteke i fleire krigar og fredsbevarande aksjonar ulike stader i verda, til dømes Kosovo, Afghanistan og Irak.

Galleri

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Royal Air Force