Avtaksforretning
Ei avtaksforretning var ein rettsleg prosess før i tid, der ein kunne få redusert verdien til ein eigedom i skattesamanhengen. Skatten blei på denne tida kalla landskyld.
Rund Jostedalsbreen blei det heldt fleire avtaksforretningar under Den vesle istid på slutten av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet, på grunn av at ulike gardar fekk store skadar i samband med framrykkande brear, flaum, steinsprang eller ras.
Kjelder:
Aschehougs leksikon frå 1970-talet
Nesje, Atle: Eit tragisk 250-års minne; raset frå Brenndalsbreen den 12 desember 1743 som utsletta garden Tungøyane, Oldedalen i Nordfjord