Opna hovudmenyen

Landskyld er den årlege leiga ein leiglending skulle betale for garden han brukte. Synonyme omgrep er skyld og bygsel.

Landskylda var òg utgangspunktet for den skatten som skulle betalast for kvar gard. Skylda (då ofte kalla skatteskylda) var derfor eit omgrep for alle matrikulerte bruk, både for leiglendingsbruk og sjølveigde bruk.

Omgrepet er brukt i Landslova til Magnus Lagabøter. Frå 1500-talet var landskylda ei fast avgift som berre kunne regulerast ved offentleg skyldsetting.

I Nord-Noreg vart skylda betalt med tørrfisk og rekna i våg. I andre distrikt vart skylda rekna i korn, smør eller huder.