Awk

programmeringsspråk

AWK er eit programmerings- og skriptspråk for handsaming av tekstbaserte data, anten frå filer eller datastraumar. Namnet er utleitt frå etternamnet til utviklarane – Alfred V. Aho, Peter J. Weinberger og Brian W. Kernighan.

AWK brukar for ein stor del strenger, assosiative matriser (som er matriser indekserte med nøkkelstrenger) og regulære uttrykk.

AWK er eit av dei tidlegaste verktya som dukka opp i versjon 3 av UNIX, og det vart raskt populært. Ein versjon av AWK er standard i moderne UNIX-implementasjoner og liknande operativsystem. AWK er nemnt i Single UNIX Specification som ein obligatorisk del av eit Unix operativsystem. Attåt Bourne shell, er AWK det einaste skriptspråk i eit standard Unix-miljø.[1]

AWK (og sed) er òg ein av inspirasjonskjeldene til skriptspråket Perl.

Strukturen i eit AWK-program endre

Eit kall (oppslag) til AWK består i hovudsak av to delar: ei kommandofil og ei primær inndatafil. Kommandofila, som kan vera ei verkeleg fil eller inkluderast i kommandolinje-kall kallet til awk, inneheld ein serie kommandoar som som fortel AWK korleis inndatafila skal prosesserast. Den primære inndatafila er vanlegvis ei tekstfil som kan vera ei verkeleg fil eller som kan lesast frå stdin.

Eit typisk AWK-program består av linjer på forma

/mønster/ { aksjon }

der mønster er eit regulært uttrykk og aksjon er ein kommando. AWK leitar gjennom inndatafila og når det finn ei linje som svarar til mønster, vil det køyra kommandoane spesifisert i aksjon.

Kjelder endre

  1. «Utilities Interface Table», www.unix.org, henta 8. november 2019