58°23′13.049″N 13°34′18.811″E / 58.38695806°N 13.57189194°E / 58.38695806; 13.57189194

Axvall
tettstad
Land  Sverige
Region Västergötland
Fylke Västra Götalands län
Kommune Skara kommun
Areal 116 km²
Folketal 1 130 (31. desember 2020)
Kart
Axvall
58°23′11″N 13°34′30″E / 58.386352545567°N 13.575094207566°E / 58.386352545567; 13.575094207566
Wikimedia Commons: Axvall

Axvall er ein svensk tettstad i Skara kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 1 175 innbyggjarar. Axvall er det nest største tettstaden kommunen, berre Skara er større.

I Axvall ligg det ein folkehøgskule og ein grunnskule (1. til 6. trinn). I utkanten av Axvall ligg restane av mellomalderborga Axevalla hus, og på den nærliggande Axevalla hed øvde tidlegare Skaraborgs regemente og Västgöta regemente. I den gamle leiren ligg i dag Pansarmuseet i Axvall.

Det tidlegare sanatoriet Stora Ekebergs sanatorium er i dag vandrerhjem med restaurant. Like nord for Axvall ligg Axevalla travbana og Skara Sommarland.

Axvall har daglegvarehandel, pizzarestaurant, bensinstasjon og gode bussamband med Skara, Lidköping og Skövde.

Hausten 2006 starta juiceselskapet PJ Fresh Company produksjon av upasteurisert jus i Axvall. Alt i desember same år gjekk firmaet konkurs, men konkursbuet blei kjøpt opp av Brämhults Juice AB som fortsette produksjonen. Den skjer i den gamle meieribygningen i Axvall.

Kjelder

endre