Ayelet HaShahar (hebraisk skrift אַיֶּלֶת הַשַּׁחַר) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg langs vegen mellom Rosh Pina og Metulla, kring 35 km sør for Kiryat Shmona og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 565.[1]

Ayelet HaShahar
אַיֶּלֶת הַשַּׁחַר, Ayyelet HaShahar
landsby
PikiWiki Israel 5755 ayelet hashahar in the 30.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Øvre Galilea
Koordinatar 33°1′22.07″N 35°34′39.35″E
Folketal 1 565 (2012) [1]
Grunnlagd 1915
 - Grunnlagd av Europeiske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla

Ayelet HaShahar
33°1′22″ N 35°34′39″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ayelet Hashahar
Nettstad: www.ayelet.org.il

HistorieEndra

Landområdet som kibbutzen ligg på vart kjøpt av Jewish Colonization Association i 1892. Han vart først busett av immigrantar frå Europa i 1915 under Andre Aliyah.

Mot slutten av det britiske mandatet, var kibbutzen utgangspunkt for fleire Palmach-operasjonar.

IndustriEndra

Ayelet HaShahar er ein av dei større fruktprodusentane i Israel. Dei driv òg med meieridrift og fjørkre, og har mange bikubar for honningproduksjon.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2012. Henta 25. februar 2014. 

BakgrunnsstoffEndra