Aymaranske språk
Aymaranske språk er ein språkfamilie som blir snakka i Andesfjella i Bolivia, Peru og Chile. Den består av to språk, aymara og jaqaru. Aymara har rundt 2,2 millionar talarar, mens jaqaru har rundt 700. Sentral- og søraymara blir av og til rekna som ulike språk.
Aymaranske språk | ||
Klassifisering: | Amerikanske urfolkspråk | |
Tala i: | Bolivia Peru Chile | |
Område: | Andesfjella | |
Talarar: | 2,2 millionar |
De aymaranske språka har av nokre forskarar blitt klassifisert saman med quechuanske språk, i ein quechumaransk språkfamilie, ettersom dei har ein stor del av ordforrådet til felles. Denne hypotesen har blitt kritisert; det felles ordforrådet kan sannsynlegvis bli betre forklart som eit resultat av lang tids kontakt mellom språka.