Opna hovudmenyen
Sjå òg artikkelen om aymaraene

Aymara (Aymar aru) er eit søramerikansk språk i aru-familien. Det er offisielt språk i Peru og Bolivia, har 300 000 talarar i Peru, 1,2 millionar i Bolivia og 50 000 i Chile.

Aymara
(Aymar aru)
Klassifisering: Aymaranske språk
 Aruspråk
  Aymara
Bruk
Tala i: Bolivia, Chile, Peru
Område: Det sentrale Andes
Aymaratalande i alt: 2,2 millionar for sentral aymara
Rangering: Ikkje blant dei 100 mest utbreidde språka
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Bolivia og Peru
Språkkodar
ISO 639-1: ay
ISO 639-2: aym
ISO 639-3: aym, ayc
Geografisk utbreiing av aymara (1984)

Aymara er eitt av dei få indianarspråka i Amerika som har meir enn ein million talarar, dei andre er quechua, quichee og guaraní. Aymara vart snakka i inkariket, og før det i Aymara-kongedømma.

Innhaldsliste

GrammatikkEndra

FonologiEndra

 
Utbreiing av aymara
 
Sjølvstendeerklæring for dei sameinte provinsane i Sør-Amerika (dagens Argentina) på spansk og aymara


Aymara har tre vokalfonem, /a, i, u/, to lengdegradar (lang, kort), og dei høge vokalane har midtre allofonar (/i/ -> [e], /u/ -> [o]) framfor uvulare konsonantar, alt som er sagt om dette systemet gjeld forresten også for grønlandsk.

Aymara har labiale, alveolare, palatale, velare og uvulare lukkelydar, utan stemtheitsopposisjon, men med ein tre-vegsopposisjon mellom vanlege, glottaliserte og aspirerte konsonantar. I tillegg har aymara ein /r/, og alveolare og palatale nasalar og lateralar, og to halvvokalar /w/ og /j/. Konsonantsystemet går fram av tabellen:

Labial Alveolar Palatal Velar Uvular
Okklusiv umarkert p /p/ t /t/ ch // k /k/ q /q/
glottalisert p' // t' // ch' /tʃʼ/ k' // q' //
aspirert ph // th // chh /tʃʰ/ kh // qh //
Frikativ s /s/ j /x/ x /χ/
Lateralappr. l /l/ ll /ʎ/
Vibrant r /r/
Nasal m /m/ n /n/ ñ /ɲ/
Halvvokal w /w/ y /j/

Trykket ligg på nestsiste staving, men kan alternere som resultat av vokallengd.

MorfologiEndra

Aymara er polysyntetisk med fleire portmanteau-suffiks. Verbalsuffiksa uttrykker modus, tempus, person for subjektet og objektet eller eit anna sekundært argument. Verb med fleire argument kongruerer med subjektet og med det oblike argumentet som er høgast på animasitetshierarkiet. Aymara har også valensendrande verbsuffiks.

SpråkhistorieEndra

Ytre språkhistorieEndra

Dei eldste skriftlege dokumenta på aymara er omsetjingar av religiøse tekstar på den spanske kolonitida. Misjonærane laga også grammatikkar, men dei var gjort på grunnlag av spanske grammatiske mønster.

Aymara sin ortografi var lenge basert på spansk, med dårleg attgjeving av fonemopposisjonar som ikkje finst i spansk. I 1968 etablerte Juan de Dios Yapita, som har aymara som morsmål, ein ny ortografi. Denne ortografien gjennomgjekk mindre endringar i 1984 i ei rettskrivingsreform i Bolivia, den endra versjonen vart offisielt godteke i Peru i 1985.

SpråkslektskapEndra

Aymara er i slekt med kawki og jaqaru, som blir snakka av ganske få talarar i sentrale delar av Peru. Om aymara og quechua er i slekt eller ikkje er omstridd.

LitteraturEndra

  • Kenneth Beesley 2003: Finite-state Morphological Analysis and Generation for Aymara. EACL 2003.
  • Martha J. Hardman: Aymara. München : Lincom Europa, 2001. (Lincom studies in native American linguistics ; 35)
  • Martha J. Hardman, Juana Vásquez, Juan de Dios Yapita et al.: Aymara : Compendio de estructura fonológica y gramatical. 2da edición. La Paz : Instituto de Lengua y Cultura Aymara, 2001. (Biblioteca lengua y cultura andina ; 4) (pdf-Version online)
  • Martin Eusebio Herminia: Bosquejo de estructura de la lengua aymara. Fonología - Morfología. Collecíon de Estudios Indigenistas Bd. 2. Universidad de Buenos Aires 1969. (pdf-Version online)
  • Miguel Huanca: Aymar Arux Akhamawa. Chicago: Independent Publishing, 2011, ISBN 978-0741466648 (Lehrbuch, englisch)
  • Ernst Kausen: Die Sprachfamilien der Welt. Teil 2: Afrika – Indopazifik – Australien – Amerika. Buske, Hamburg 2014, ISBN 978-3-87548-656-8 (Kapitel 14).
  • Félix Layme Pairumani: Manual intensivo de lengua Aymara. La Paz, 2014

BakgrunnsstoffEndra