Azərbaycan Dəmir Yolları

Azərbaycan Dəmir Yolları, ADY er det statseigde jernbaneverket i Aserbajdsjan. Det blei grunnlagt i 1991 og har hovudkvarteret sitt i Baku. Selskapet står for all skjenetrafikk i Aserbajdsjan, og omfattar lokaltog, langdistansetog og ein del internasjonale tenester til Russland, Georgia, Iran og Tyrkia.

Azərbaycan Dəmir Yolları

Transporttype Jernbane
Stad Baku i Aserbajdsjan
Opna 1991
Drift
Eigar Republikken Aserbajdsjan
Sporlengde 2 944 km[1]
Sporvidde 1 520 mm[1]
Elektrifisering 3 kV DC[1]
Stasjonar 176
Vognmateriell
Jernbanenettverket i Aserbajdsjan.

Sporvidda (avstanden mellom skjenene) er 1520 millimeter.[1] ADY har ei sporlengde på 2 944 km. Av den samla lengda er 60 % eller 1 767 km elektrifisert og er 28 % eller 815 km dobbeltspora.[1] Omkring 38 % av lengda til jarnbana eller 1 126 km er utstyrt med heilautomatiske blokker og 479 km har sentraliserte togleiarar. Jarnbanenettverket har 176 stasjonar.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Azerbaijan Railways» (på engelsk). Indexmundi. 18. september 2021. Henta 17. august 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre