Georgia

eit land i Aust-Europa
Denne artikkelen handlar om landet Georgia. For delstaten, sjå Delstaten Georgia. For fleire tydingar, sjå Georgia (fleirtyding).
საქართველო
Sakartvelo

(norsk: Georgia, georgisk)

Det georgiske flagget Det georgiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Dideba zetsit kurtheuls»
Motto Georgisk: ძალა ერთობაშია
(Krafta ligg i eining)
Geografisk plassering av Georgia
Offisielle språk Georgisk
Hovudstad Tblisi
Styresett
Republikk
Giorgi Margvelasjvili
Irakli Garibasjvili
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
69 700 km² (120.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
4 926 330 (120.)
70,7 /km² (111.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Sovjetunionen
9. april 1991
Nasjonaldag 26. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
35 370 mill. USD (117.)
10 200 USD (111.)
Valuta Lari
Tidssone UTC +3
Telefonkode +995
Toppnivådomene .ge


Georgia (georgisk: საქართველო Sakartvelo) er eit land i Kaukasus, som tidlegare var ein del av Sovjetunionen. Hovudstaden heiter Tbilisi. Landet grensar til Tyrkia, Russland, Aserbajdsjan og Armenia. Dei to områda Abkhasia og Sør-Ossetia lausreiv seg tidleg på nittitalet og har sidan vore de facto sjølvstendige statar, sjølv om berre få land godkjenner sjølvstendet deira. Russland har plassert styrkar i begge områda og kallar dei fredstryggjande, men desse styrkane vert rekna som okkupasjonsstyrkar av Georgia.

Administrativ inndeling endre

Georgia er delt inn i ni regionar (georgisk მხარე, mtsjare), ein by (k'alak'i) og to autonome republikkar:[1]

  1. Abkhasia (autonom republikk)
  2. Samegrelo-Zemo Svaneti
  3. Guria
  4. Adsjaria (autonom republikk)
  5. Racha-Lechkhumi og Kvemo Svaneti
  6. Imereti
  7. Samtskhe-Javakheti
  8. Shida Kartli (inkludert Sør-Ossetia)
  9. Mtskheta-Mtianeti
  10. Kvemo Kartli
  11. Kakheti
  12. Tbilisi (by)
 
Kart over Georgia
(klikk på kartet for større versjon)

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå Georgisk geografi.

Fjella dominerer landskapet i Georgia. Fjellkjeda Likhi deler landet i ein austleg og ein vestleg halvdel. Historisk var dei vestlege områda av Georgia kjend som Colchis, medan dei austlege delane vart kalla Iberia. Dei nordlege fjellområda i Svaneti er òg isolert frå resten av landet.

Store Kaukasus går langs grensa mellom Georgia og Russland, medan Litle Kaukasus går langs grensa til Tyrkia i sør. Store Kaukasus er derimot mykje større og inneheld dei høgaste fjella i Europa (så lenge desse områda vert rekna som europeiske) med fleire toppar over 5 000 meter.

Det høgaste fjellet i Georgia er Sjkhara med ei høgd på 5 201 meter (sjølve toppen ligg i Russland), og det nest høgaste er Janga (Jangi-Tau) med 5 051 meter over havet. Andre fjelltoppar som utmerker seg er Kazbek med 5 047 meter, Tetnuldi (4 974 m), Sjota Rustaveli (4 960 m), Usjba (4 710 m) og Ailama (4 525 m). Av fjella som her er nemnd har berre Kasbek vulkansk opphav. Området mellom Kazbek og Sjkhara (eit stykke på om lag 200 km) er dominert av mange isbrear. Litle Kaukasus er meir variert og ikkje så høg, og ingen toppar er høgare enn 3 400 meter. Av fjell i dette området finn ein vulkanplatået Javakheti i tillegg til mange innsjøar som Tabatskuri og Paravani, i tillegg til mineralvatn og varmekjelder.

Voronjagrotta er den djupaste kjende grotta i verda. Ho ligg i Arabika-massivet i fjellkjeda Gagra i Abkhasia. Høgdeskilnaden i grotta er heile 2 140 meter.

Av store elvar i Georgia finn ein Rioni og Mtkvari (Kura).

Klima endre

Klimaet i dette fjellandet på austkysten av Svartehavet er nesten tropisk om sommaren, medan vintrane er varmare enn dei milde sørlege områda av Russland i nord. Ein har derimot kuldebølgjer om vinteren over store delar av landet. Dei vestlege områda er ganske våte året rundt. Tbilsi har ein årleg nedbørsnormal på 462 mm. Dei lågareliggande områda langs kysten av Svartehavet har forholdsvis milde vintrar og ganske varme somrar. Ein kan derimot ha ein del vind i fjella, særleg i Transkaukasusdalen. I K'ut'aisi kan ein få vind opp i orkan styrke minst ein gong i året.

Fakta endre

  • Høgaste punkt: Sjkhara, 5 064 moh.
  • Lågaste punkt: Svartehavet, 0 moh.
  • Naturressursar: jern, kopar
  • Folkesetnaden sin gjennomsnittsalder: 34,8 år
  • Religion: ortodoks kristne 65 %, muslimar 11 %, andre 24 %
  1. «Georgia Regions». statoids.com. Henta 24. april 2017.