Azov

by i Russland


Azov (russisk skrift Азо́в) er ein by i Rostov oblast i Russland med om lag 85 000 innbyggjarar (2008). Han ligg ved elva Don, rundt 25 km sørvest for Rostov-na-Donu og 10  km frå Azovhavet.

Azov
Азов
Horisonten til Azov
Horisonten til Azov
Byåpenet til Azov
Byvåpenet til Azov


Plassering
Azov is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Rostov oblast
Først nemnt i
Bystatus
1067
1708
Geografi
Flatevidd
 - By

66 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

83 139
  1 259,7 /km²
Koordinatar 47°06′00″N 39°25′00″E / 47.10000°N 39.41667°E / 47.10000; 39.41667
Høgd over havet 40 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 34678x, 346799
Retningsnummer (tlf) (+7)86342
Nettstad: www.azov.info

Tidlege busetnader i området endre

 
Rester av Azov-festninga

Munningen av elva Don har alltid vore eit viktig handelssenter. På byrjinga av 200-talet f.Kr. grunnla grekarar frå Det bosporanske riket ein koloni her dei kalla «Tanais» (etter det greske namnet på elva). Fleire hundreår seinare vart busetnaden brent ned av kong Poleumon av Bosporus. Greske kolonistar vann velstanden til byen tilbake, men gotarane praktisk talt utsletta han på 300-talet. Staden der der det gamle Tanais låg,[1] og der landsbyen Nedvigovka no ligg, har vore utgraven sidan 1800-talet.

På 900-talet kom området under kontroll under det slaviske fyrstedømet Tmutarakan. Kiptsjakane, som tok området i 1067, kalla det Azaq (tyder 'lågland'), som dagens namn kjem frå. Den gylne horden la krav på mesteparten av kysten på 1200- og 1300-talet, men handelsmenn frå Venezia og Genova fekk løyve til å busette seg på området der dagens Azov ligg og grunnla ein koloni der som dei kalla Tana. Seinare tok Det osmanske riket kontroll over området og bygde den sterke festninga Azak (Azov).

Festninga Azov endre

 
Ei hollandsk gravering frå 1600-talet av slaget ved Azov (1696).

Sommaren 1637 tok donkosakkane festninga med den tyrkiske garnison på 4000 soldatar og 200 kanoner og heldt ho i fem år. I juni 1641 motstod dei ei lang omleiring av ein osmansk arme. I 1642, då tyrkarane trekte seg tilbake, kalla tsaren inn til ei folkeforsamling, eller Zemskij Sobor, som vedtok å overgjeve festninga for å unngå full krig med Tyrkia. Før de forlet borga øydela kosakkane alle festningsverka.

Byen skulle derimot gå gjennom mange fleire omskifte. Under det såkalla Azov-felttoget (1696) klarte Peter den store å vinne attende festninga,[2] men det katastrofale Prut-felttoget tvinga han til å gje ho tilbake til tyrkarane i 1711. Under den russisk-tyrkiske krigen 1768-1774 vart festninga teke av armeen under hertug Rumjantsev og vart endeleg overdratt til Russland med Küçük Kaynarca-traktaten (1774). I sju år var Azov hovudstad for ein eigen region, men etter kvart som den nærliggande Rostov-na-Donu voks fram, vart Azov gradvis mindre viktig.

Kjelder endre

  1. Kart over Tanais, arkivert frå originalen 4. oktober 2008, henta 8. januar 2009 
  2. Lord Kinross, The Ottoman Centuries: The Rise and Fall of the Turkish Empire, Perennial, 1979, s. 353. ISBN 0688030939.