Opna hovudmenyen
Utbreiinga til Den gylne horden i 1389

Den gylne horden (mongolsk Altan Orda, tyrkisk Altın Ordu, tatarisk Altın Urda, russisk Золотая Орда (Zolotaja Orda)) var ein mongolsk stat som oppstod i delar av dagens Russland, Ukraina og Kasakhstan etter delinga av Mongolriket på 1240-talet. På sitt største omfatta området Den gylne horden herska over mesteparten av europeisk Russland frå Uralfjella til Karpatane og langt inn i Sibir. I sør grensa landet til Horden til Svartehavet, Kaukasus og territoria til det mongolske Ilkhanatet.

Hovudstaden til Den gylne horden var Saraj, ei nemning for to ulike byar som begge låg nær elva Akhtuba.

AvløysarstatarEndra

Etter at Den gylne horden braut saman oppstod det ulike khanat (statar styrte av khanar) i det tidlegare territoriet til staten, som:

Kazan blei erobra av russarane i 1552, Astrakhan i 1556 og Sibir-khanatet i 1582. Krim-khanatet overlevde, til dels som ein vasall av Det osmanske riket, fram til 1783.

KjelderEndra