Azuayprovinsen
(Omdirigert frå Azuay-provinsen)
Azuay (spansk uttale [aˈswaj]) er ein provins som ligg i Andesfjella i La Sierra-regionen, sør i høglandet i Ecuador. Provinsen dekker eit område på 8 171 kvadratkilometer. Hovudstaden er og største byen er Cuenca. Han ligg i det sørlege sentrumet av Ecuador i høglandet. Fjella når 4500 m over havet i nasjonalparken El Cajas.
Azuay | |||
provins | |||
Frå Cuenca
| |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Cuenca | ||
Areal | 8 309,58 km² | ||
Folketal | 801 609 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Azuayprovinsen 2°59′00″S 79°10′00″W / 2.9833333333333°S 79.166666666667°W | |||
Kart som viser Azuayprovinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Azuay Province |
Panamerican Highway går gjennom provinsen. Cuenca er knytt til nasjonale flygingar frå Quito og Guayaquil. Azuay har det største vasskraftverket i landet, ved elva Paute.
Azuay grensar mot Cañar i nord, Morona Santiago i aust, mot El Oro, Loja og Zamora Chinchipe i sør og mot Guayas i vest.
Provinsen er delt inn i 15 kantonar, den mest folkerike kantonen er Cuencakantonen med over 625 000 innbyggjarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Azuay Province» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.