Bâlea er ein bresjø 2034 meter over havet i Făgărașfjella sentralt i Romania i Sibiu fylke. Det ligg to fjellhytter som er ope året rundt ved vatnet, ein vêrstasjon og ein redningsstasjon. Ein kan nå vatnet med bil langs Transfăgărășan-vegen om sommaren og resten av året med kabelvogn frå hytta Bâlea Cascadă.

Bâlea
innsjø
Bâlea i september
Land  Romania
Innsjøtype Bresjø
Høgd over havet 2034 moh.
Areal 0,047 km²
Største djupn 11 m
Koordinatar 45°36′07″N 24°37′01″E / 45.602°N 24.617°E / 45.602; 24.617
Kart
Bâlea
45°36′07″N 24°37′01″E / 45.602°N 24.617°E / 45.602; 24.617
Wikimedia Commons: Bâlea Lake

I 2006 vart det første ishotellet i Aust-Europa bygd i nærleiken av innsjøen.[1].

Kjelder

endre
  1. AllTipsAndTricks.com, Chill Out in The Ice Hotel at Balea Lac, 30. juni 2008