Båtsaum eller klinkesaum vert brukt til å klinke saman båtbordaklinkbygde trebåtar. Han er å få kjøpt både i kopar og galvanisert jern. Før var det vanleg at båtbyggaren smidde saumen sjølv. Saumen vart då ofte oljebrend. Frå 1880-åra var det vanleg å kjøpe maskinprodusert saum. Dei første var svensk-produsert. På tidleg 1890-tal var galvanisert saum i handelen.[1]

Båtsaum og ro

Til saumen høyrer ei lita skålforma skive av same metall; roa (fleirtal: rør). Kjøpte roer er runde. Heimesmidde er firkanta. Bordet som skal setjast på vert spent fast med klemmer. Så vert det bora hol for saumen gjennom båe borda. Saumen vert slegen inn frå utsida. Så vert ei ro tredd inn over tynnenden av saumen, og dreva inn ved hjelp av klinkejarnet, som har eit hol som saumen kan gå oppi, samstundes som det vert slege på saumhovudet. Tynnenden av saumen vert så avklipt (eller nykt). Til slutt vert han så klinka mot roa med ein pennhammar. Samstundes vert det tunge klinkjarnet halde mot saumhovudet.[2] Då vert òg dei samanfesta borda dregne godt og tett saman. Det er vanleg å nytte saum som er 1/2 tomme lenger enn den dobbelte bordtjukna. Ved langsgåande skøytar, skjervingar, vert saumlenda 1/2 tomme lenger enn bordtjukna.

Ein ser ofte at båtsaum vert kalla «båtnagle», eller liknande. Men ein nagle er rund og jamtjukk, medan båtsaumen er kvadratisk og vert tynnare mot spissen.[3] Bruk av nagle eller saum heng saman med ulik dialektbruk.

Ein båtsaum er stivare og ikkje så slank som ein båtspikar.

Den eldste båtsaumen er av jarn. Etter kvart vart han galvanisert. No er det ikkje uvanleg med koparsaum. Det er særleg i båtar der ein legg vekt på utsjånad det vert brukt kopar.

Koparsaum er dyrare enn jarn. Fordi kopar er mjukare og veikare må han stå tettae i båten. Det krev og meir tid å arbeide med koparsaum sidan han er mjukare og toler mindre.

Det kan by på problem å bruke jarn og kopar i same båt. Galvanisk spenning mellom metalla i sjøvatn før til at det minst edle metallet (jarnet), vert meir opptærd.[4]

Stundom kan trenaglar som bind saman band og bord erstattast eller supplerast med ei lang saum, bandsaum. Då kan det brukast ei stor ankerforma ro, nebb-ro, som festar saumen godt til bandet, og hindrar at det klovnar. Då vert saumen gjerne kalla klo-saum[5].

Nemninga «saum» heng att frå den tid båtborda vart sydde saman, slik det er gjort på Halsnøybåten. Det er eit funn av båtrestar frå før 500, frå Halsnøy i Hordaland.

Kjelder endre

  1. Gunnar Eldjarn og Jon Godal (1990). Nordlandsbåten og Åfjordbåten, Bind 2 Nordlandsbåten. Båtstikka D/A, Rissa. s. 87. ISBN 82-90795-025. 
  2. Håvard Haraldson Hatløy (2019). «Bygging av ein sunmørsfæring». I Frode Sætre. Båtbygging på Bjørkedalen, Artikkelsamling. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 128. ISBN 978-82-303-4166-7. 
  3. Thomas Lund (2018). «En analyse av båtgraver fra jernalder i Nord-Norge» (PDF). - Masteroppgave i arkeologi. s. 6. 
  4. Kjell Magnus Økland (2016). OSELVAR – Den levande båten. Skald forlag. s. 66-67. ISBN 978-82-7959-244-0. 
  5. Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster. Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider Pax Forlag A/S Oslo 2022 side 108, ISBN 978-82-530-4310-4
  • Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 3.