Båtskot

Hus for bygging av båtar

Eit båtskot er eit hus der det har vorte bygd båtar. Skot tyder tilbygg til hus, men båtskota har vore sjølvstendige bygningar. Namn på byggarverkstaden, og diverse innreiing, varierer ein del mellom ulike byggeområde. Kring Bjørnafjorden (Bj) heiter det båtskytje. Lenger nord på Vestlandet (V) og på Sunnmøre (Sun): båtskot, og i Trøndelag (Tr) båtskott.

Ein nybygd sunnmørsåttring vert dregen or Jakobskotet på Bjørkedalen.
Inne i eit båtskot med båt under bygging.

I bygdelag der båtbygging har vore vanleg, som Stordalen i Åfjord og Bjørkedalen i Volda, har det gjerne vore eit båtskot på kvart gardsbruk. Nær sjøen har båtar vorte bygde i høvelege naust. Tidlegare var båtskotet som regel ope og luftig, utan dører. Før det vart elektrisk ljos var det viktig at dagsljoset kunne kome inn. I nyare tid er båtskotet gjerne vindtett og lunare.

Funksjon endre

I båtskotet må det vere plass til båten. I tillegg skal der vere materialar, reiskapar og anna utstyr. På stabben og arbeidsbenken, vert båtdelane tilforma.

Sjølv om båtskot i grunndraget har vore likt innreidde i ulike båtbyggarområde, er det ofte ulike nemningar på tilsvarande innreiing.

På golvet er sjølve byggeplassen. Det kunne vere ein grov firkanta stokk, bakkestokken (Bj), (V), (Tr), som var fastbolta i golvet, og der kjølen vart strekt, eller det var kubbar, tollebenkar (Sun), der kjølen vart sett fast.

Under betane, rett over bakkestokken, var festa ein stokk, streta (Sun), skordedronken (Bj), eller skordestokken(V), (Tr). Her har det vorte festa tynne støtter, skorder, (Bj), (V), (Tr), eller sparrar (Sun), som hjelper til å halde rett fasong på båtskalet.

Kjelder endre

  • Håvard Haraldson Hatløy (2019). «Bygging av ein sunmørsfæring». I Frode Sætre. Båtbygging på Bjørkedalen, Artikkelsamling. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 127. ISBN 978-82-303-4166-7. 
  • Kjell Magnus Økland (2016). OSELVAR – Den levande båten. Skald forlag. s. 46. ISBN 978-82-7959-244-0. 
  • Vestlandsbåtar : Frå oselvar til sunnmørsåttring. Av Øystein Færøyvik, bygd på granskingsarbeid etter Bernhard Færøyvik. s. 28. Grøndahl, 1987. ISBN 82-504-0857-8
  • Nordlandsbåter, og båter fra Trøndelag. Av Asbjørn Klepp. Bind IV i serien NORSKE BÅTER. s. 83–86. Grøndahl, 1983. ISBN 82-504-0650-8