Bøler Idrettsforening

(Omdirigert frå Bøler IF)

Bøler Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Bøler i Oslo. Laget vart stifta 24. oktober 1958 og er aktivt med i fotball, friidrett og handball. Heimebana til fotballaga er Haraløkka, medan handballaga spelar i Bøler idrettshall. Laga til Bøler IF spelar i heilblå drakter.

Haraløkka

Bøler Idrettsforening er mest kjend for sine kvinnelag i fotball. I 1981 sigra Bøler IF med 1-0 mot byrival BUL i cupfinalen på Bislett stadion. Laget spelte tidvis i toppserien fram til 1997. To Bøler-spelarar, Janne Andreassen og Hilde Strømsvold deltok i landskampar for Noreg i denne perioden.

Målvakta Øyvind Bolthof var i yngre år aktiv i Bøler IF.

Kjelder

endre