Bøler Idrettsforening
Bøler Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Bøler i Oslo. Laget vart stifta 24. oktober 1958 og er aktivt med i fotball, friidrett og handball. Heimebana til fotballaga er Haraløkka, medan handballaga spelar i Bøler idrettshall. Laga til Bøler IF spelar i heilblå drakter.
Bøler Idrettsforening er mest kjend for sine kvinnelag i fotball. I 1981 sigra Bøler IF med 1-0 mot byrival BUL i cupfinalen på Bislett stadion. Laget spelte tidvis i toppserien fram til 1997. To Bøler-spelarar, Janne Andreassen og Hilde Strømsvold deltok i landskampar for Noreg i denne perioden.
Målvakta Øyvind Bolthof var i yngre år aktiv i Bøler IF.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bøler IF» frå Wikipedia på bokmål, den 8. august 2019.