Børen

gard nord på Fedje

Børen er ein gard nord på Fedje. Namnet vart lenge skrive som Børilde, og har same tydinga som Børilden på Austrheim. I følgje O. Rygh kjem det av «byrel» som tyder han å bere med, til dømes på ei kiste. Terrenget her kan minne om ein slik hank. Andre skrivemåtar har vore Børren.[1]

Børen
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Det var eitt bruk på Børen. Fram til 1812 vart det drive som eit vanleg bruk, men vart så drive meir som ein husmannsplass.

Familen Kahrs eigde heile Fedje, men då dei i 1875 selde Fedje til Fedje Torvkompagni heldt dei unna Børen og Vestkanten. Same året vart garden delt i tre. Den eine tredjedelen vart nytta i lag med Kræmmarholmen av familien Kahrs. Det var husmannsplass på Børen fram til 1915. Det er utskilt fleire tomtar på området som no berre vert kalla Børhaugen (uttale Børhøyen)

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune. 

Fotnotar endre

  1. Oluf Rygh (1910). Norske Gaardnavne 11. s. 427.