Børgin
63°52′43.626″N 11°20′1.5756″E / 63.87878500°N 11.333771000°E
Børgin er ein fjordarm av Trondheimsfjorden i Inderøy og Steinkjer i kommune. Fjorden har ei lengd på om lag 10 km frå sør til nord.
Fjorden har innløp ved Straumen via eit 150 meter breitt sund. Sundet vert kryssa av riksveg 755 via ei bru. Vegen går langs dei sørlege delane av fjorden. Bortsett frå Straumen er det ingen andre grender eller bygder langs fjorden, men derimot mange gardar.