Steinkjer

Steinkjer (sørsamisk: Stïentje) er ein by og administrasjonssenteret i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg inst i Trondheimsfjorden og har 12 744 innbyggjarar per 1. januar 2017. Steinkjer er sete for fylkesadministrasjonen i Trøndelag.

Steinkjer
stad
Steinkjer.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Steinkjer
Areal 7,87 km²
Folketal 12 744 (2017)
Folketettleik 1 619 / km²
Innbyggjarnamn steinkjerbygg
Preposisjon Steinkjer
Kart
Steinkjer
64°0′53″ N 11°29′39″ E
Wikimedia Commons: Steinkjer (town)

Steinkjer er tilgjengeleg med båt, noko som har gjort det lettare å drive handel til og frå byen. I dag går E 6 gjennom byen, og jernbanestrekninga Trønderbanen har sin endestasjon her. Nordlandsbanen har stopp i Steinkjer på veg mellom Trondheim og Bodø. Bygrensa går i nord ved Eggevammen og i sør ved Figga.

Økonomien i byen bygger i stor grad på industri og jordbruk.

Steinkjer fekk bystatus i 1857. Byen brann ned 1900 og mykje byggverk i tre forsvann, men vart bygd opp att i jugendstil. Den 21. og 22. april 1940 vart byen bomba og på ny lagt i ruinar. Etter den andre verdskrigen vart byen bygd opp att med etterkrigsarkitektur i funkis-stil. Steinkjer med byane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum som var på sitt største for om lag 1000 år sidan. Det er gjort fleire arkeologiske funn i området.

KjelderEndra

  Denne Trøndelagartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.