Opna hovudmenyen
For tettstaden Børsa, sjå Børsa

Børsa er ein tidlegare kommune i Sør-Trøndelag oppretta som Børsa formannskapsdistrikt i 1837, i dag ein del av Skaun kommune.

  • 1. januar 1890 blei kommunen delt i to då Skaun (Børseskognen) blei skilt ut som eigen kommune. Børsa hadde 2.300 innbyggjarar etter frådelinga.
  • 1. januar 1905 blei Børsa igjen delt, då Geitastrand blei skilt ut som eigen kommune. Børsa hadde 1.420 innbyggjarar etter denne delinga.
  • 1. januar 1965 blei Børsa slått saman med Buvik og Skaun kommunar til den nye Skaun kommune. Børsa hadde på dette tidspunktet 1.476 innbyggjarar.