Bøstad er ein busetnad på Vestvågøy i den tidlegare kommunen Borge i Lofoten i Nordland, frå 1963 ein part av Vestvågøy kommune. Han er ein av dei mange stadene i Vestvågøy kommune som er rike på kulturminne frå forhistorisk tid og mellomalderen.

Bøstad
stad
Land  Noreg
Kart
Bøstad
68°15′06″N 13°46′07″E / 68.251666666667°N 13.768611111111°E / 68.251666666667; 13.768611111111
Nokre av stolpane som markerer vikingtidshuset på Borg med Borge kyrkje i bakgrunnen.

Bøstad ligg ved Bøstadelva.[1] Bøstad skule ligg på staden.

Kulturminne endre

På Borg på Bøstad har arkeologiske utgravingar brakt for dagen spor og leivningar etter ein stor bygning frå vikingtida som har fungert som høvdingsete. Bygningen er rekonstruert i full storleik og vert nytta til museum, Lofotr Vikingmuseum. Ikkje langt frå arealet der vikingtidsbygningen stod, ligg Borge kyrkje, som er den siste i ein rad av minst fem kyrkjer som har stått på same staden gjennom tidene. I området er det òg registrert fleire andre fornminne.

Kjelder endre

  1. «Bøstad», www.norgeskart.no, henta 7. november 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  • Bøstad i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren