Vikingtida er ein epoke i nordeuropeisk historie som strekker seg frå siste del av 700-talet til midten av 1000-talet. Ho var prega av vikingane, skandinaviske krigarar og handelsfolk som drog på tokt i Europa og spreidde vald og varer. Vikingtida overlappa og gjekk over i mellomalderen.

Biledsten med seglskip frå Smiss på Gotland.
Biledsten med seglskip frå 800-1099 frå Tjängvide på Gotland.

Avgrensing av vikingtida endre

Den angelsaksiske krønika nemner eit vikingtokt i Dorset i 787 evt., men tradisjonelt sett er det angrepet på klosteretLindisfarne i 793 som er rekna som start på vikingtida.[1][2] Arkeologiske kjelder tyder likevel på at nordbuar dreiv handel og kanskje òg plyndring i Europa før dette. Utvikling av havgåande seglskip og handelsnettverk gjekk òg føre seg tidleg på 700-talet.[3] Norske og engelske soger nemner slaget ved Stamford Bridge og slaget ved Hastings i 1066 som mogeleg avslutning av vikingtida.

Årsaker til at folk reiste i viking endre

Ein veit ikkje kvifor folk byrja dra i viking. Auka kongemakt og strenge straffer for plyndring i Noreg kan ha vore ei av årsakene. Forfattaren Torgrim Titlestad legg òg fram den trugande framferda til Karl den store i sin iver etter å kristne Europa som årsak. Særleg kan danane ha følt seg truga av frankarane etter at dei slost mot saksarane frå 770-talet. I år 782 skal Karl den store ha tvangsdøypt opp til 4500 saksiske mann ved byen Verden an der Aller i Niedersachsen for seinare å halshogge dei.[4]


Kjelder endre

Referansar
  1. Krag (2000): 28
  2. Jon Vidar Sigurdsson (1999): 10
  3. Norgeshistorie.no, Per Ditlef Fredriksen, «Grunnlaget for vikingtida». Henta 21. des. 2017.
  4. «Bakgrunnen for Vikingtiden – Oseberg Båtlag», sagaoseberg.no (på norsk bokmål), henta 4. november 2018 
Bibliografi
  • Jon Vidar Sigurdsson, Norsk historie 800-1300. Det norske samlaget, Oslo 1999
  • Krag, Claus, Norges historie fram til 1319. Universitetsforlaget, Oslo 2000

Bakgrunnsstoff endre