Bărăgansletta
Bărăgansletta (rumensk Câmpia Bărăganului) er ei slette sør i sentrale område av Romania og ein del av Den rumenske sletta. Ho ligg sør for elva Călmăţui, ei sideelv til Donau. Området er eit jordbruksområde som hovudsakleg vert nytta til dyrking av korn.
Bărăgansletta | |||
slette | |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Kart som viser Bărăgansletta.
|
Klima
endreBărăgansletta har varme og tørre somrar og varmerekorden for heile Romania (44,5 °C) vart sett ved Ion Sion på denne sletta. Vintrane er kalde og kan stundom verte råka av snøstormar kalla crivăţ. Dette har òg gjeve opphav til namnet på sletta, som kjem frå kumansk. Namnet tyder 'staden der snøstormen rasar'.
På grunn av klimaet er området rekna som ein av dei mest ugjestmilde områda i Romania og dei kommunistiske styresmaktene i Romania massedeporterte mange menneske her i 1950-åra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bărăgan Plain» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Panait Istrati, The Thistles of the Bărăgan, Vanguard Press, New York, 1930
- [1] Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine., [2] Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. Walther Konschitzky, Peter-Dietmar Leber and Walter Wolf, Deported to the Bărăgan 1951–1956, Haus des Deutschen Ostens, Munchen, 2001
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: