BM-21 «Grad» er ein lastebilmontert 122mm rakettkastar med 40 røyr i ein pakke på lasteplanet.[1] Kvart røyr vert lada med ein M-21OF rakett og alle rakettane kan skytast ut i løpet av 20 sekund. Systemet vart utvikla tidleg på 60-talet som ein oppfølging av det kjende "stalinorgelet" brukt under andre verdskrig. BM står for boyevaya mashina (stridskøyretøy), og har tilnamnet «Grad», som tyder halglskur. Systemet har ei standard skotvidde på opptil 20 km, og er difor eigna spesielt til kontrabeskytning.

Versjonar endre

  • 9P138 «Grad-1»: noko lettare versjon med berre 36 røyr i 6x6 format på eit ZIL-131 chassis.
  • BM-21V «Grad-V» (Vozdushnodesantiy – 'luftmobil'): Utvikla for dei russiske luftlandestyrkane i 1969 på eit GAZ-66 chassis med berre 12 røyr.
  • 9А51 «Prima»: Eit forsøk på vidare utvikling av Grad-systemet med 50 røyr på eit Ural-4320 5 tonns chassis.
  • 9P132 «Grad-P» er eit berbart system med berre eitt røyr.
  • BM-21PD «Damba» (Protivodiversionnyi): System er tilpassa kystforsvaret med 40 røyr på Ural-375D eller Ural-43201 chassis. Det er særleg egna til vern mot undervassinfiltrasjon frå fiendtlege froskemenn, og har spesiell ammunisjon for dette: PRS-60 (Protivodiversionnyi Reaktivnyi Snaryad). Saman med ei ammunisjonsvogn vert dette komplekset kalla DP-62 «Damba».
  • 9K51M «Tornado-G»: Den mest avanserte versjonen med bedre eldkontroll, GPS/GLONASS og automatisk målfølg+ing.

Referansar endre

  1. Splav 122 mm BM-21 multiple rocket launcher family (Russian Federation), Multiple rocket launchers, Jane's Armour and Artillery

Kjelder endre