Baabdat (arabisk بعبدات) er ein by i Matn distrikt i Libanonfjella, 22 km frå Beirut mellom 800 og 1100 meter over havet.[1] Dei frodige furuskogane kring byen gjer han til ein populær feriestad om sommaren, særleg for folk frå Beirut. Byen ligg nær Brummana, ein av dei mest yrande feriestadane i Libanonfjella.[2]

Baabdat
بعبدات
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Høgd 800−1 100 moh.
Koordinatar 33°53′N 35°40′E / 33.883°N 35.667°E / 33.883; 35.667
Tidssone EET (UTC+2)
 •  Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Baabdat
33°53′00″N 35°40′00″E / 33.883333333333°N 35.666666666667°E / 33.883333333333; 35.666666666667
Kart som viser Baabdat.
Kart som viser Baabdat.
Kart som viser Baabdat.

Demografi

endre

Innbyggjarane i Baabdat er anten frå Den maronittisk-katolske kyrkja eller den romersk-katolske kyrkja.

Etymologi

endre

Namnet «Baabdat» kjem frå det arameiske ordet beit abdutha, som tyder «heimstaden til beundring». Namnet syner til eit gammalt tempel bygd av fønikarane.[3]

Historie

endre

Då Libanon var ein del av Romarriket var Baabdat eit senter for tømmerhogst som transporterte tømmer til skipsverfta i Beirut.[4]

Kjende folk frå Baabdat

endre

Baabdat er fødestaden til den tidlegare libanesiske presidenten Émile Lahoud, politikaren Nassib Lahoud og filmregissøren Carmenlabaki.

Kjelder

endre
  1. About Baabdat - Welcome to Baabdat, arkivert frå originalen 9. juni 2007, henta 22. august 2014 
  2. Baabdat
  3. Municipality of Baabdath, arkivert frå originalen 22. juli 2011, henta 22. august 2014 
  4. Baabdat

Bakgrunnsstoff

endre