Babeli Giezendanner

Babeli Giezendanner, fullt namn Anna Barbara Aemisegger-Giezendanner, (29. mai 183118. oktober 1905) var ein sveitsisk målar av folkekunst. Ho var ei av dei få kvinnene som på den tid dreiv med kunstmåling i Sveits. På folkemunne vart ho kalla «s'Giezedanners Babeli».

Babeli Giezendanner
Fødd 29. mai 1831
Ebnat-Kappel
Død

18. oktober 1905 (74 år)
Hemberg

Yrke kunstmålar, kunstnar
Babeli Giezendanner på Commons
Fjellferd og seterstell

Etter at mannen døydde tidleg i ei ulykke, forsøkte Barbara Aemisegger-Giezendanner å tene til livsopphaldet gjennom måling. Utanom dette arbeidde ho som kramkar og vevar. Men fortenesta var for låg, så ho fekk økonomisk stønad frå lokalsamfunnet Hemberg.

Ho var mor til tre born.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Babeli Giezendanner