Ein babydoll er ein kort, laustsitjande nattkjole eller neglisjé, ofte med tilhøyrande underdel. Han kan vera nattklede for kvinner, og kan ha ekstra pynt blonder, rysjar, band og sløyfer, maraboudun, skulderstroppar eller formande behåkoppar. Plagget kan vera av tynne, tidvis gjennomsiktige stoff som nylon, chiffon eller silke.

Eldre, rosa babydoll

Historie endre

Skaparen av den superkorte nattkjolen skal ha vore dne amerikanske undertøysdesignaren Sylvia Pedlar, som laga han i 1942 som svar på tekstilmangelen under andre verdskrigen.[1] Sjølv om plagga hennar blei kjende som «babydolls», mislikte Pedlar namnet og brukte det ikkje sjølv.[1]

 
Babydoll-kjole av Balenciaga frå 1958.

Namnet på kjolen blei utbreidd gjennom filmen Baby Doll frå 1956, med Carroll Baker i tittelrolla som ein forførande 19-åring. Dette markerte byrjinga på den vedvarande populariteten til stilen blant vaksne. Babydoll-pyjamas frå 1950- og 1960-talet var sett saman av ein topp og lause underbukser i bloomersstil med strikk i livet og rundt føtene. Frå 1970- til 1990-talet var underdelen omdanna til meir tettstitjande underbukser med stikk i livet og rundt føtene. Ein endå nyare underdel har ei meir shorts-aktig form utan strikk rundt føtene.

Babydoll-kjolar er korte kjolar inspirerte av nattkjolen, som Cristóbal Balenciaga sine design frå 1957 og 1958.

Babydoll var ein del av såkalla kinderwhore-stil tidleg på 1990-talet gjennom populære riot Grrrl- og grunge-musikarar som Courtney Love og Kat Bjelland.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Blausen, Whitney. «Sylvia Pedlar». Fashion Encyclopaedia. Henta 2. junu 2015.