Nylon

familie av syntetiske polymerar

Nylon er eit kunstfiber laga av ein syntetisk polymer som er samansett av mange einingar ved hjelp av amidbindingar. Difor kallar ein ofte stoffet ein polyamid. Det var det fyrste syntetiske fiberet som vart framstilt industrielt, i 1935, og som hadde kommersiell suksess, frå 1938. Nylon blir brukt til å laga børstar, klede, tau, vesker, gitarstrengar, fiskesnøre og anna.

Nylon forstørra 40 gonger.
Den kjemiske strukturen til nylon.

W.H. Carothers søkte om patent på nylon i 1931. Stoffet blei framstilt for første gong den 28. februar 1935 av Wallace Carothers for DuPont i Wilmington i Delaware. Materialet blei annonsert i 1938, og same året gjekk det første nylonproduket, ein tannkost, ut til sal. Meir velkjend er kanskje dei første nylonstrømpen som første gong blei selde 15. mai 1940; desse blei rivne vekk frå butikkhyllene.

Kjelder endre

«nylon» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nylon
  Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.