Babylonia
Babylonia var eit oldtidsrike i Mesopotamia (det moderne Irak). Hovudstaden var Babylon som låg ved elva Eufrat, ca. 110 km sør for dagens Bagdad. Fyrste gong Babylon blir nemnd er på ei tavle som blei skrive på den tida Sargon av Akkad regjerte, kanskje så tidleg som 2 300 år før Kristus.