Bagdad
بغداد
by
Kallenamn: 'Fredsbyen'[1]
Land  Irak
guvernement Bagdad
Høgd 34 moh.
Koordinatar 33°20′N 44°23′E
Areal 204,2 km²
Folketal 8 765 000  (2016)
Folketettleik 42 924 / km²
Grunnlagd 762 evt.
Borgarmeister Zekra Alwach
Tidssone Arabisk standardtid
Postnummer 10001 til 10090
Retningsnummer (+964) 1
Kart
Bagdad
33°18′55″ N 44°21′58″ E
Wikimedia Commons: Baghdad

Bagdad (arabisk بغداد) er hovudstaden i Irak. I 2016 hadde Bagdad kring 8,8 millionar innbyggjarar,[2] og er den største byen i Irak, den neste største i den arabiske verda etter Kairo i Egypt og den nest største byen i Vest-Asia (etter Tehran i Iran).

Byen ligg ved Tigris, vart grunnlagd på 700-talet og vart hovudstaden til abbasidane. Kort tid etter han vart grunnlagd utvikla Bagdad seg til eit viktig senter for kultur, handel og vitskap for den islamske verda. I tillegg var her fleire viktige, akademiske institusjonar (t.d. Visdomshuset), som gav byen eit verdsomfattande rykte som eit «læresenter».

Fem hundre år etter Bagdad vart grunnlagd var han den største byen i mellomalderen og hadde på det meste meir enn ein million innbyggjarar..[3] Byen vart nesten heilt lagt i ruinar av Mongolriket i 1258, og førte til ei nedgangstid som varte i fleire hundreår med mange pestepidemiar og herskarar. Då Irak vart ein sjølvstendig stat (tidlegare det britiske mandatet for Mesopotamia) i 1938, fekk Bagdad til ein viss grad attende rolla si som eit viktig senter for arabisk kultur.

I moderne tid har byen ofte slite med øydeleggingar av infrastrukturen i byen, sist under invasjonen av Irak i 2003 og den påfølgjande Irakkrigen som varte til desember 2011. I seinare år har byen stadig vore angripe av opprørarar. I 2012 vart Bagdad rekna som ein av dei minst gjestfrie byane i verda å bu i,[4] og vart av Mercer rekna nedst på lista over 221 byar for livskvalitet.[5]

Namnesoge endre

Namnet Bagdad er førislamsk og opphavet er omstridd.[6] Staden der Bagdad ligg byrja har vore busett i tusenvis av år. På 700-talet evt. hadde det utvikla seg fleire landsbyar her, mellom anna ei persisk[7][8] grend kalla Bagdad. Dette namnet kom til å bli brukt for byen som abbasidane herska over her..[9]

Arabiske skribentar som meiner namnet er førislamsk har generelt sett etter røtene til namnet på persisk.[6] Dei har føreslått forskjellige tydingar, og det vanlegaste er «skjenkt av Gud».[6] Moderne forskarar har generelt vore samd med denne tolkinga,[6] som ser på ordet somm ei samansetning av bagh () «gud» og dād () «gjeven»,[10][11] I gammalpersisk kan det første elementet sporast attende til boghu og er nært knytt til det slaviske bog som tyder «gud», medan det andre kan sporast attende til dadāti.[12] Namnet på byen Baghdati i Georgia har same namnesoge.[13][14]

Eit par forskarar har føreslått eit eldre opphav for namnet, og særskild namnet Bagdadu eller Hudadu som finst i gammal babylonsk, og det babylonsk-talmudiske namnet på ein stad kalla «Baghdatha».[6][15][16] Somme forskarar har føreslått eit arameisk opphav.[6]

Då abbasidekalifen al-Mansur skipa ein heilt ny by for hovudstaden sin, valde han namnet Madinat al-Salaam eller Fredsbyen. Dette var det offisielle namnet på myntar, og i anna offisiell bruk, men på folkemunne heldt ein fram å bruke det gamle namnet.[17][18] På 1000-talet vart nesten berre «Bagdad» brukt som namn på den verdskjende metropolen.

Historie endre

Skiping endre

Bagdad frå ei trykksamling i Travels in Asia and Africa, etc. (av J. P. Berjew, British Library)

Etterr fallet til omajadane, det første muslimske dynastiet, ønskte dei sigrande abbasidane sin eigen hovudstad dei kunne regjere frå. Dei valde ein stad nord for sassanide-hovudstaden Ktesifon (og like nord for der oldtidsbyen Babylon hadde lege), og den 30. juli 762[19] tinga kalifen Al-Mansur byggjinga av byen. Han vart bygd under leiing av barmakidane.[20] Mansur meinte at Bagdad var ein perfekt by som hovudstad for det islamske riket til abbasidane. Mansur likte staden så godt at han skal ha sagt: «Dette er verkeleg byen som eg grunnla, der eg skal bu, og der mine etterkomarar skal regjere».[21]

Den flotte plasseringa gjorde at byen voks raskt. Han hadde kontroll over dei strategiske vegar og handelsruter langs Tigris, og var rik på vatn i eit elles tørt klima. Det var vatn på både nord- og sørsida av byen, slik at alle hushald hadde god vassforsyning, noko som var særs uvanleg på denne tida.

Bagdad voks forbi Ktesifon, hovudstaden til sassanidane, som låg 30 km lenger søraust. I dag er alle restane av Ktesifon ein del av Salman Pak, like sør for Stor-Bagdad. Ktesifon hadde igjen erstatta og absorbert Selevkia, den første hovudstaden til Selevkideriket, som tidlegare hadde erstatta byen Babylon.

I tidlege år var byen kjend som ei tilsikta påminning om eit uttrykk i Koranen då han refererer til Paradis.[22] Det tok fire år å byggje byen (764–768). Mansur henta inn ingeniørar, landmålarar og kunstarbeiarar frå heile verda og teikna planar for byen. Over 100 000 anleggsarbeidarar kom for å setje planane i verk.[23] Juli vart vald som oppstartstidspunkt fordi to astrologar, Naubakht Ahvazi og Mashallah, meinte at byen burde byggjast under teiknet til løva.[24] Løva er knytt til eld og symboliserer produktivitet, stoltheit og utviding.

Mursteinane som vart brukte i byen var 45 cm lange alle fire sider. Abu Hanifah var teljar av mursteinane og han utvikla ein kanal som førte vatn til arbeidsstaden for både drikkevatn og for å lage mursteinane. Marmor vart òg nytta som byggmateriale over heile byen, og marmortrapper førte ned til elvebreidda.

Rammeverket for byen består av to store halvsirklar som er kring 19 km i diameter. Byen vart designa som ein sirkel med ein diameter på kring 2 km, som førte til at han vart kjend som «den runde byen». Den opphavlege utforminga syner ein enkelt ring med bustader og handelsbygg langs innsida av bymurane, men den endelege konstruksjonen hadde enno ein ring innafor den første.[25] Innafor byen var det mange parkar, hagar, villaer og promenadar.[26] I sentrum av byen låg moskéen, i tillegg til hovudkvarteret til vaktene. Kva som var føremålet med resten av arealet i sentrum er ikkje kjend. Den sirkelforma byen var ein direkte etterkomar av den tradisjonelle, persiske sasanidiske byplanlegginga. Sasanidebyen Gur i Fars, bygt 500 år før Bagdad, er nesten identisk i den generelle sirkelforma si, med avenuar som stråler utover og statlege bygg og tempel i midten av byen. Denne urbane stilen stod i kontrast til den greske og romerske byplanlegginga i oldtida, der byane vart utforma som firkantar med gater som kryssa kvarandre i rette vinklar.

Mal:Panorama

Bymurane endre

Dei fire bymurane kring Bagdad vart kalla Kufa, Basra, Khurasan og Syria fordi portane deira peikte i retninga til desse stadane. Avstanden mellom portane vart litt mindre enn 2,5 km. Kvar port hadde doble dører som var laga av jarn. Dørene var så tunge at det måtte fleire menn til for å opne dei. Sjølve muren var 44 meter tjukk ved botnen og kring 12 meter tjukk på toppen. Muren var òg 30 meter høg, inkludert murtindar, ein solid del av ein befesta brystvern som vanlegvis var gjennomstukken av skyteskår. Denne muren var omringa av ein annan mur som var kring 50 meter tjukk. Den andre muren hadde tårn og avrunda murtindar, som låg kring tårna. Denne ytre muren vart verna av ein solid skanseskråning, som var laga av mursteinar og brent kalk. Utanom den ytre muren var ei vassfylt vollgrav.

Den gylne port-palasset endre

Den gylne port-palasset var bustaden til kalifen og familien hans og låg midt i Bagdad, på det sentrale torget. I den sentrale delen av bygningen var det ein 39 meter høg, grøn dom. Kring palasset var ein esplanade, ein bygning over vatnet, der berre kalifen kunne kome ridande til hest. I tillegg låg palasset nær andre herskapsbygg og bustadane til offiserane. Nær Syriaporten var det ein bygning om vaktene budde i. Han var laga av murstein og marmor. Palassguvernøren budde i den bakerste delen av denne bygningen og vaktkommandøren i den fremre. I 813, etter kalifen Al-Amin døydde, vart ikkje palasset lenger nytta som heimstaden til kalifen og familien hans.[27] Dei runde formene peiker på at dei var baserte på arabisk skrift.[28] Dei to byplanleggjarane som vart hyra av Al-Mansur for å planleggje utforminga av byen, var Naubakht, ein Zarathustra-tilbedar som avgjorde at grunnleggingsdatoen til byen måtte vere på ein astrologisk viktig dag, og Mashallah, ein jøde frå Khorasan i Iran.[29]

Den runde byen Bagdad mellom år 767 og 912.

Lærdomssenter (700- til 1200-talet) endre

Innan ein generasjon etter Bagdad vart skipa, vart han eit senter for lærdom og handel. Visdomshuset var ein institusjon for omsetjing av greske, mellompersiske og gammalsyriske verk. Lærde kom til Bagdad frå heile riket til abbasidane og introduserte persisk, gresk og indisk vitskap til den arabiske og islamske verda på den tida. Bagdad var truleg den største byen i verda frå kort etter han vart skipa og fram til 930-åra, då Córdoba var blitt like stor.[30] Fleire estimat tyder på at byen hadde over ein million innbyggjarar på det meste.[31] Mange av sogene i Tusen og ei natt er sett til Bagdad på denne tida.

Bagdad var mellom anna på denne tida kjend for dei eksepsjonelle biblioteka. Mange av abbaside-kalifane verna om lærdom og likte å samle litteratur frå både oldtida og samtida. Sjølv om somme av fyrstane frå det tidlegare Omajade-dynastiet hadde byrja å samle inn og omsetje gresk vitskapslitteratur, var abbasidane dei første som pleia gresk lærdom på stor skala. Mange av desse biblioteka var private samlingar som berre var meint for eigarane og venene deira, men biblioteka til kalifen og andre embetsmenn vart etter kort tid offentlege eller delvis offentlege.[32] Fire store bibliotek vart skipa i Bagdad på denne tida. Det første vart skipa av den kjende Al Mamun, som var kalif frå 813 til 833. Eit anna vart skipa av Sabur Ibn Ardashir i 991 eller 993 for lærde menn som vitja akademiet hans.[32] Uheldigvis vart dette andre biblioteket plyndra og brend av seldsjukkane berre 70 år etter det vart skipa. Dette var eit godt døme på ein type bibliotek som vrt bygd opp etter behova og interessene til det litterære samfunnet.[32] Dei siste to biblioteka var madrasa eller teologiske biblioteket. Nizamiyah vart skipa av persaren Nizam al Mulk, som var vesir for to tidlege seldsjukk-sultanar.[32] Det var i drift sjølv etter den mongolske invasjonen i 1258. Mustansiriyah madrasa, som var eit særs rikt bibliotek, vart skipa av Al Mustansir, den nest siste abbasidekalifen, som døydde i 1242.[32] Dette vart det siste store biblioteket bygt av kalifane i Bagdad.

Slutten for abbasidane i Bagdad endre

Den historiske abbasidemoskeen Al Khulafa i Bagdad.
Zumurrud Khaton-grava i Bagdad (bygt i 1202), foto frå 1932.

På 900-talet var innbyggjartalet i byen mellom 1,2 millionar[33] og 2 millionar.[34] Den raske veksten til Bagdad i dei tidlege åra sakka etter kvart av då det vart problem i kalifatet, og hovudstaden vart mellom anna flytta til Samarra (i 808–819 og 836–892), dei vestlegaste og austlegaste provinsane gjekk tapt og det var periodar med politisk dominans frå dei iranske buwayhidane (945–1055) og seldsjukkane (1055–1135).

Seldsjukkane var ein klan av Oghuz-tyrkarar frå Sentral-Asia som konverterte til sunniislam. I 1040 øydela dei ghaznavidane, og tok over landområdet deira i 1055. Tughril Beg, leiaren til seldsjukkane, tok overr Bagdad. Seldsjukkane dreiv ut det sjiamuslimske Buyid-dynastiet som regjerte på den tida og tok over makta og kontrollen i Bagdad. Dei regjerte som sultanar i namnet til abbasidekalifane (dei rekna seg sjølv som ein del av abbasideregimet). Tughril Beg rekna seg sjølv som vernar av abbasidekalifane.[35]

Krigar som Bagdad var involverte i er oppført under:

I 1058 vart Bagdad erobra av fatimidane under den tyrkiske generalen Abu'l-Ḥārith Arslān al-Basasiri, som var tilslutta ismailiane i lag med 'Uqaylid Quraysh.[36] Ikkje lenge før saldsjukkane kom til Bagdad, bad al-Basasiri om støtte hos fatimidane og imam-kalifen al-Mustansir for å erobre Bagdad på vegner av den ismailske imamen. Det har i nyare tid vorte kjend at den kjende fatimide-da'i-en, al-Mu'ayyad al-Shirazi, hadde ei direkte rolle i støtta til al-Basasiri og hjelpte generalen med å ta Mawṣil, Wāsit og Kufa. Kort tid eter,[37] i desember 1058, vart ein sjia-adhān (ein bønekallar) sett inn i Bagdad og ein khutbah (preike) vart levert i namnet til imam-kalifen frå fatimidane.[37] Trass i sjia-hellinga fekk Al-Basasiri støtte frå både sunniar og sjiaer, som stod saman mot makta til seldsjukkane.[38]

Mongolane erobrar Bagdad i 1258.

Den 10. februar 1258 vart Bagdad erobra av mongolane leia av Hulegu, eit barnebarn av Djengis-khan, under kringsetjinga av Bagdad.[39] Mange kvarter brende ned, vart plynda eller kringsette. Mongolane massakrerte dei fleste av innbyggjarane i byen, inkludert kalifen Al-Musta'sim, og øydela store delar av byen. Kanalane og dikane som utgjorde vatningssystemet til byen vart òg øydelagde. På denne tida vart både kristne og sjiaer tolererte i Bagdad, medan sunniar vart rekna som fiendar.[40] Plyndringa av Bagdad var slutten for abbasidane, eit slag som den islamske sivilisasjonen aldri heilt kom seg frå.

På denne tida vart Bagdad styrt av Ilkhanatet, ein utbrytarstat av Mongolriket, som regjerte frå Iran. I 1401 vart Bagdad igjen plyndra av den sentralasiatiske tyrkaren Timur Lenk.[41] Då styrkane hans tok Bagdad, sparte han nesten ingen, og gav ordre om at kvar av soldatane hans skulle bringe han to avkappa hovud.[42] Bagdad vart ein provinshovudstad kontrollert av den mongolske Jalayirid (1400–1411), tyrkaren Kara Koyunlu (1411–1469), tyrkaren Ak Koyunlu (1469–1508), og dynastia til dei persiske safavidane (1508–1534).

Den osmanske tida (1500- til 1800-talet) endre

Souk i Bagdad i 1876.

I 1534 vart Bagdad erobra av osmanske tyrkarar. Under osmanarane heldt Bagdad fram nedgangstida, dels på grunn av fiendskap mellom herskarane her og dei iranske safavidane, som ikkje aksepterte at sunniar hadde kontroll over byen. Mellom 1623 og 1638 var byen under iransk styre før han kom attende til osmanarane.

Bagdad har fleire gonger lide under epidemiar av pest og kolera,[43] og stundom har to tredjedelar av innbyggjarane blitt utsletta.[44]

I ei tid var Bagdad den største byen i Midtausten. Byen fekk eit lite oppsving i slutten av 1700-talet under eit mamelukkstyre. Direkte osmansk styre vart sett inn att av Ali Rıza Pasha i 1831. Frå 1851 til 1852 og frå 1861 til 1867 vart Bagdad styrt, under Det osmanske riket av Mehmed Namık Pasha.[45] Nuttall Encyclopedia rapporterte i 1907 at folketalet i Bagdad var 185 000.

1900- og 2000-talet endre

Shabandar Café i Bagdad i 1923.

Bagdad og sørlege Irak var under osmansk styre til 1917, då området vart erobra av britiske styrkar under fyrste verdskrigen. In 1920 vart Bagdad hovudstad i det britiske mandatet for Mesopotamia og etter det fekk sjølvstende i 1932, vart det hovudstad i Kongedømet Irak. Folketalet i byen voks frå kring 145 000 i 1900 til 580 000 i 1950. Under mandatet og utgjorde det jødiske samfunnet kring ein fjerdedel av folketalet i byen.[46]

1. april 1941 utførte medlemmar av «Det gyldne kvadratet» og Rashid Ali eit eit statskupp i Bagdad. Rashid Ali sette inn ei pro-tysk og pro-italiensk regjering som erstatta den pro-britiske regjeringa til regenten Abdul Ilah. Den 31. mai, etter den påfølgjande engelsk-irakiske krigen og etter Rashid Ali og regjeringa hans flykta, overgav borgarmeisteren i Bagddad byen til styrkanee til britane og samveldet.

Den 14. juli 1958 utførte den irakiske hæren under Abd al-Karim Qasim, eit statskupp for å styrte Kongedømet Irak. Kong Faisal II, tidlegare statsminister Nuri as-Said, tidlegare prins 'Abd al-Ilah, medlemmar av kongefamilien og andre vart brutalt drepne i kuppet. Mange av offera vart dregne gjennom gatene i Bagdad.

I 1970-åra opplevde Bagdad ei velstandstid og vekst på grunn av ein skarp auke i oljeprise, som var hovudeksportvaren til Irak. Ny infrastruktur, inkludert moderne kloakkanlegg, vatn og motorvegar vart bygde på denne tida. Byplanane for byen (1967, 1973) vart leverte til det polske planleggingsselskapet Miastoprojekt-Kraków, via Polservice.[47] Den iransk-irakiske krigen i 1980-åra vart ei vanskeleg tid for byen, sidan pengar vart avleid av Saddam Hussein til hæren og tusenvis av innbyggjarar i byen vart drepne. Iran sendte ei rekkje missilåtak mot Bagdad som hemn for at Saddam Hussein stadig bomba bustadomåde i Tehran.

I 1991 og 2003 førte Golfkrigen og invasjonen av Irak i 2003 til store øydeleggingar på infrastrukturen i Bagdad då USA-leia koalisjonsstyrkar utførte mange luftåtak på byen i dei to krigane. I 2003 skapte òg eit mindre opprør i byen til uro i folkesetnaden.

Det historiske «Assyriske kvarteret» i byen, Dora, hadde eit folketal på kring 150 000 assyrarar i 2003 og utgjorde over 3 % av den assyriske folkesetnaden i byen. Samfunnet har vore utsett for kidnappingar, dødstrugslar, vandalisme og husbrenning av Alqaida og andre opprørsgrupper. Mot slutten av 2014 var det berre 1 500 assyrarar att i Dora.[48]

Hovudattraksjonar endre

Turistmål i Bagdad er mellom andre Nasjonalmuseet i Irak, som mista prislause samlingar under invasjonen i 2003, og dei ikoniske bogane kalla Sigershendene. Tusenvis av eldgamle manuskript i Nasjonalbiblioteket vart øydelagde under regjeringstida til Saddam Hussein.

Mutanabbigata ligg nær gamlebyen i Bagdad. Det er det historiske senteret for bokhandlarar i Bagdad.[49]

Dyreparken i Bagdad brukte å vere den største i Midtausten. Åtte dagar etter invasjonen i 2003 starta, hadde berre 35 av 650 dyr overlevd. Mange av dyra vart drepne for å etast.[50][51]

Al-Kadhimiyyah-moskeen er ein heilagdom i forstaden Kadhimiyyah. Her er den sjuande og niande Tolvar-imamane Musa al-Kadhim og Muhammad at-Taqi gravlagde.[52][53][54]

Ein annan moské for sjiaene er Al-A‘ẓamiyyah-moskeen i A'dhamiyyah.[55][56]

Geografi endre

Satellittbilete av Bagdad.

Byen ligg på ei stor slette som Tigris renn over. Tigris deler Bagdad i to, der den austlege halvdelen vert kalla «Risafa» og den vestlege halvdelen «Karkh». Landområdet som byen ligg på er nesten heilt flatt og lågtliggjande, skapt av mange elveflaumar som over tid har lagt frå seg avleiringar.

Klima endre

Bagdad har eit subtropisk ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering: BWh) og er ein av dei varmaste byane i verda. Om sommaren frå juni til august er den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen 44 °C med steikande sol. Ein har berre registrert regn på denne tida nokre få gonger og aldri meir enn 1–2 mm. Sjølv på natta går temperaturen sjeldan under 24 °C. Den høgaste temperaturen som er målt i Bagdad er 51 °C, frå juli 2015.[57] Luftfukta er som regel særs låg (under 10 %) fordi Bagdad ligg eit stykke unna det myrlendte, sørlege Irak og kysten av Persiabukta, og sandstormar frå ørkenane i vest er vanlege om sommaren.

Vintrane er milde med kjølige netter. Frå desember til februar har Bagdad ein maksimumstemperatur på 15,5 til 18,5 °C. Om morgonen kan det vere kjøleg og i januar er minimumstemperaturen 3,8 °C, men det kan oppstå frost nokre gonger i året.[58]

Årsnedbøren, der nesten all nedbør kjem frå november til mars, er kring 150 mm, men har variert frå 338 mm på det meste til berre 37 mm det tørraste året.[59] Den 11. januar 2008 fall det lett snø over Bagdad for første gong i manns minne.[60]

Vêrdata for Bagdad
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 24,8 27,1 30,9 38,6 43,5 48,8 51,1 49,9 47,7 40,2 35,6 25,3 51,1
Gjennomsnittleg maks °C 15,5 18,5 23,6 29,9 36,5 41,3 44 43,5 40,2 33,4 23,7 17,2 30,6
Døgnmiddeltemperatur °C 9,7 12 16,6 22,6 28,3 32,3 34,8 34 30,5 24,7 16,5 11,2 22,8
Gjennomsnittleg min °C 3,8 5,5 9,6 15,2 20,1 23,3 25,5 24,5 20,7 15,9 9,2 5,1 14,9
Lågast målte °C −11 −10 −5,5 −0,6 8,3 14,6 22,4 20,6 15,3 6,2 −1,5 −8,7 −11
Gjennomsnittleg nedbør mm 27,2 19,1 22 15,6 3,2 0 0 0 0 3,3 12,4 20 122,8
Gns. luftfukt (%) 71 61 53 43 30 21 22 22 26 34 54 71 42
Gns. solskinstimar i månaden 192,2 203,3 244,9 255 300,7 348 347,2 353,4 315 272,8 213 195,3 3 240,8
Kjelde: World Meteorological Organization (UN)[61]


Administrativ inndeling endre

Bagdad sett frå Den internasjonale romstasjonen.

Administrativt er Bagdad guvernement delt inn i distrikt som igjen er delt inn i underdistrikt. Guvernementet er delt inn i ni kommunar, som har lokalt ansvar.

Dei ni distrkta:[62]

Dei ni distrikta er delt inn i 89 mindre bydelar. Eit utval av desse er oppførte under:

Demografi endre

Bagdad hadde eit estimert folketal på 7,22 millionar innbyggjarar i 2015. Byen har historisk sett hatt ein sunnimuslimsk majoritet. Kring 2000 utgjorde 82 % av folketalet sjiamuslimar.

Økonomi endre

Bagdad står for 22,2 % av folketalet i Irak og 40 % av bruttonasjonalproduktet i landet. Iraqi Airways, det nasjonale flyselskapet i Irak, har hovudkvarteret sitt nær Bagdad internasjonale flyplass i Bagdad.[70] Al-Naser Airlines har hovudkvarter i Karrada i Bagdad.[71]

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. Petersen, Andrew (13. september 2011). «Bagdad (Madinat al-Salam)». Islamic Arts & Architecture. 
  2. «Bagdad» Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. 30. november 2016.
  3. «Largest Cities Through History». Geography.about.com. 6. april 2011. Arkivert frå originalen 18. august 2016. Henta 22. februar 2020. 
  4. Inocencio, Ramy (4. desember 2012). «What city has world's best quality of life?». CNN. 
  5. The Central African Republic: On the brink
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Duri, A.A. (2012). «Bag̲h̲dād». I P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel, W.P. Heinrichs. Encyclopaedia of Islam (2nd utg.). Brill. (krev abonnement (help)). 
  7. «Bagdad, Foundation and early growth». Henta 22. februar 2020. 
  8. Le Strange, G. (n.d.). [...] The Persian hamlet of Bagdad, at the Western bank of the Tigris, and just above where Sarat canal flowed in, was ultimately fixed upon [...]. In Bagdad during Abbasids (p. 9).
  9. [1] Encyclopedia of Islam
  10. Mackenzie, D. (1971). A concise Pahlavi Dictionary (p. 23, 16).
  11. «BAGHDAD i. Before the Mongol Invasion – Encyclopædia Iranica». Iranicaonline.org. Henta 9. september 2017. 
  12. Guy Le Strange, «Bagdad During the Abbasids from Contemporary Arab and Persian», s 10
  13. «Persimmons surviving winter in Bagdati, Georgia». Georgian Journal. 22. februar 2016. Arkivert frå originalen 23. september 2016. Henta 22. september 2016. 
  14. «Kutaisi». Arkivert frå originalen 23. september 2016. Henta 22. september 2016. 
  15. John B. Friedman, Kristen M. Figg Trade, Travel, and Exploration in the mellomalderen, (Taylor & Francis, 2013)
  16. Brinkmann J. A. A political history of post-Kassite Babylonia, 1158-722 B.C.(Gregorian Biblical BookShop, 1968)
  17. «ما معنى اسم مدينة بغداد ومن سماه ؟». Seenjeem.maktoob.com. Henta 22. februar 2020. [daud lenkje]
  18. «ما معنى (بغداد)؟ - تمت الإجابة عنه - Google إجابات». Egabat.google.com. Henta 22. februar 2020. [daud lenkje]
  19. Corzine, Phyllis (2005). The Islamic Empire. Thomson Gale. s. 68–69. 
  20. Times History of the World. London: Times Books. 2000. 
  21. Wiet, Gastron (1971). Bagdad: Metropolis of the Abbasids. Univ. of Oklahoma Press. 
  22. Wiet, pg. 13
  23. Corzine, Phyllis (2005). The Islamic Empire. Thomson Gale. s. 69. 
  24. Wiet, pg. 12
  25. «Abbasid Ceramics: Plan of Bagdad». web.archive.org. Arkivert frå originalen 25. mars 2003. Henta 22. februar 2020. 
  26. «Yakut: Bagdad under the Abbasids, c. 1000CE»
  27. Wiet, pg. 15
  28. Sjå:
  29. Hill, Donald R. (1994). Islamic Science and Engineering. Edinburgh: Edinburgh Univ. Press. s. 10. ISBN 0-7486-0457-X. 
  30. «Largest Cities Through History». Geography.about.com. 2. november 2009. Arkivert frå originalen 18. august 2016. Henta 22. februar 2020. 
  31. Matt T. Rosenberg, Largest Cities Through History. Arkivert 2016-08-18 ved Wayback Machine.
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 32,4 Mackensen, Ruth Stellhorn . (1932). Four Great Libraries of Medieval Bagdad. The Library Quarterly: Information, Community, Policy, Vol. 2, No. 3 (July 1932), s. 279-299. University of Chicago Press.
  33. George Modelski, World Cities: –3000 to 2000, Washington, D.C.: FAROS 2000, 2003. ISBN 978-0-9676230-1-6. Sjå òg Evolutionary World Politics Homepage Arkivert 2007-05-20 ved Wayback Machine..
  34. Trudy Ring, Robert M. Salkin, K. A. Berney, Paul E. Schellinger (1996). «International dictionary of historic places, Volume 4: Middle East and Africa». Taylor and Francis: 116. 
  35. Atlas of the Medieval World pg. 170
  36. Virani, Shafique N. The Ismailis in the Medieval: A History of Survival, A Search for Salvation, (New York: Oxford University Press, 2007), 6.
  37. 37,0 37,1 Daftary, Farhad. The Isma'ilis: Their History and Doctrines Cambridge: Cambridge University Press, 1990, 205-206.
  38. Daftary, Farhad. The Isma'ilis: Their History and Doctrines Cambridge: Cambridge University Press, 1990), 206.
  39. Central Asian world cities Arkivert 18. januar 2012 ved Wayback Machine., George Modelski
  40. Bosworth, C.E.; Donzel, E. van; Heinrichs, W.P.; Pellat, Ch., red. (1998). Encyclopaedia of Islam, Volume VII (Mif-Naz). BRILL. s. 1032. ISBN 9789004094192. 
  41. Ian Frazier, Annals of history: Invaders: Destroying Bagdad, The New Yorker 25. april 2005. s.5
  42. New Book Looks at Old-Style Central Asian Despotism, EurasiaNet Civil Society, Elizabeth Kiem, 28. april 2006
  43. «The Fertile Crescent, 1800-1914: a documentary economic history». Charles Philip Issawi (1988). Oxford University Press US. s.99. ISBN 0-19-504951-9
  44. Suraiya Faroqhi, Halil İnalcık, Donald Quataert (1997). «An economic and social history of the The Ottoman Empire». Cambridge University Press. s.651. ISBN 0-521-57455-2
  45. Cetinsaya, Gokhan. Ottoman Administration i Irak, 1890–1908. London and New York: Routledge, 2006.
  46. Edmund A. Ghareeb; Beth Dougherty (18. mars 2004). Historical Dictionary i Irak. Scarecrow Press. s. 125. ISBN 978-0-8108-6568-6. «Jews represented 2.5 percent of 'Iraq's population and 25 percent of Baghdad's.» 
  47. Stanek, L., Miastoprojekt goes abroad: the transfer of architectural labour from socialist Poland to Iraq (1958–1989), The Journal of Architecture, Volume 17, Issue 3, 2012
  48. http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/middleeast/iraq/11307515/Iraq-crisis-The-last-Christians-of-Dora.html
  49. Owles, Eric (18. desember 2008). «Then and Now: A New Chapter for Bagdad Book Market». The New York Times. Henta 23. februar 2020. 
  50. «The Choice, featuring Lawrence Anthony». BBC radio 4. 23. februar 2020. Henta 23. februar 2020. 
  51. Anthony, Lawrence; Spence Grayham (3. juni 2007). Babylon's Ark; The Incredible Wartime Rescue of the Bagdad Zoo. Thomas Dunne Books. ISBN 0-312-35832-6. 
  52. «تاریخچه حرم کاظمین». kazem.ommolketab.ir. Henta 23. februar 2020.  (på persisk)
  53. افتتاحية قبة الامام الجواد عليه السلام. www.aljawadain.org (på arabisk). Arkivert frå originalen 13. august 2009. Henta 23. februar 2020. 
  54. البدء بإعمار وتذهيب قبة الإمام الكاظم عليه السلام. www.aljawadain.org (på arabisk). Arkivert frå originalen 13. august 2009. Henta 23. februar 2020. 
  55. al-Aadhamy. History of the Great Imam mosque and al-Adhamiyah mosques 1. s. 29. 
  56. Al Shakir, Osama S. (20. oktober 2013). «History of the Mosque of Abu Hanifa and its school». Abu Hanifa An-Nu'man Mosque. Henta 23. februar 2020.  (på arabisk)
  57. [2] Henta 23. februar 2020.
  58. «World Weather Information Service». worldweather.wmo.int. 23. februar 2020. Henta 23. februar 2020. 
  59. Annual Rainfall Statistics for Bagdad (WMO #40650)[daud lenkje]
  60. (AFP) – 11. januar 2008 (11. januar 2008). «Afp.google.com, First snow for 100 years falls on Bagdad». Afp.google.com. Arkivert frå originalen 29. september 2010. Henta 22. februar 2020. 
  61. «World Weather Information Service - Bagdad». World Meteorological Organization. Henta 23. februar 2020. 
  62. «New troops to move into Iraq». USA Today. 
  63. «DefenseLink News Article: Soldier Helps to Form Democracy in Bagdad». Defenselink.mil. Arkivert frå originalen den 31. august 2009. Henta 22. februar 2020. 
  64. «Zafaraniya Residents Get Water Project Update - DefendAmerica News Article». Defendamerica.mil. Arkivert frå originalen 28. desember 2008. Henta 22. februar 2020. 
  65. Frank, Thomas (26. mars 2006). «Basics of democracy i Irak include frustration». USA Today. Henta 26. april 2010. 
  66. «DefendAmerica News - Article». Defendamerica.mil. Arkivert frå originalen 27. desember 2008. Henta 22. februar 2020. 
  67. «Democracy from scratch». csmonitor.com. 5. desember 2003. Arkivert frå originalen den 3. april 2010. Henta 22. februar 2020. 
  68. «Leaders Highlight Successes of Bagdad Operation - DefendAmerica News Article». Defendamerica.mil. Arkivert frå originalen 28. desember 2008. Henta 22. februar 2020. 
  69. NBC 6 News - 1st Cav Headlines Arkivert 12. desember 2007 ved Wayback Machine.
  70. ««Iraqi Airways.»». Arkivert frå originalen 18. mai 2008. Henta 23. februar 2020.  Arab Air Carriers Organization. Henta 19. oktober 2009.
  71. «Contact Us Arkivert 15. februar 2011 ved Wayback Machine..» Al-Naser Airlines. Henta 23. februar 2020. «Main Branch: Al-Karrada, Babil Region - Distrlct 929 [sic] - St21 - Home 46 - Beside Al Jadirya Private Hospital. [...] Iraq- Baghdad.»
  72. «Twinning the Cities». City of Beirut. Arkivert frå originalen 21. februar 2008. Henta 23. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bagdad
Reiseguide for Baghdad frå Wikivoyage

 «Baghdad (city)». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.